Atle Simonsen er sentralstyremedlem i FpU. I tillegg er han gruppesekretær i Framstegspartiet si bystyregruppe i Stavanger.
Foto: FpUTysdag kunne NRK.no fortelja om eit rekordstort inntak av utanlandske studentar ved Universitetet i Stavanger.
330 studentar frå 70 nasjonar er nå klar til å ta fatt på eit nytt studieår med dei same rettane som norske studentar.
- Les òg:
– Sponsar utdanning til heile verda
Ifølgje Atle Simonsen, som er sentralstyremedlem i Framstegspartiet sitt ungdomsparti, FpU, er det feil at også utanlandske skal ha rett på gratis utdanning i Norge.
– Me kan ikkje sponsa utdanning til heile verda, særleg sidan me ikkje har ein garanti for at studentane blir verande her og jobba i etterkant, seier Simonsen til NRK.no.
- Kva meiner du? Sei meininga di nedst i artikkelen ...
Han understrekar likevel at han vil ha utanlandske studentar.
– Aukar kvaliteten
– Det er veldig flott med studentar frå utlandet, dei er med på å auka kvaliteten på studia. Mange blir her og jobbar etter utdanninga og dei sikrar at norske studentar får internasjonal kompetanse.
– Så kvifor skremma dei av med skulepengar?
– Spørsmålet er om me skal tilby gratis utdanning til studentar som kjem frå land der norske studentar må betala skulepengar. Eg trur ikkje studentane vil bli avskremde for det er ikkje snakk om store summar ein bør ta, seier han.
Han poengterer at det er fleire utanlandske studentar som søker ved UiS, enn norske.
I ei undersøking som er gjort kjem det fram at gratis studiar er den sjuande viktigaste faktoren til at studentane søker ved UiS.
Til saman søkte 6000 utlendingar ved Universitetet i Stavanger i år. 330 kom inn. Det vil vera om lag 4000 studentar på universitetet skuleåret 2012/2013.
Foto: Mathias Oppedal / NRKUsemje innanfor i Frp
– Dersom dei kjem frå til dømes USA, studerer gratis i Norge og reiser tilbake med utdanninga, er ikkje Norge tent med dette. Eit alternativ til skulepengar kunne derfor vore ein avtale om å jobba i landet ei stund etter utdanninga.
I tillegg til å vera sentralstyremedlem i FpU sit også Simonsen i bystyregruppa i Stavanger for Frp. Han seier at han ikkje har partiet i ryggen i spørsmålet.
– Det er rom for eigne meiningar i partiet, og eg veit at ikkje alle er samde med meg i dette, mellom anna mi eiga stortingsgruppe. Dette er likevel ein debatt eg meiner me bør ta i Frp, seier han.
Eirik Faret Sakariassen er leiar for Studentorganisasjonen, StOr, ved Universitetet i Stavanger.
Foto: NRKStudentorganisasjonen reagerer
Representant for studentane, både dei utanlandske og dei norske, er ikkje nøgd med utsegnet frå Simonsen.
– Me meiner at internasjonalisering er eit gode, og nødvendig for eit universitet i eit moderne samfunn. Me veit også at norske studentar reiser til andre land for å studera, desse landa har heller ingen garanti for at studentane blir verande, seier Eirik Faret Sakariassen, leiar i Studentorganisasjonen ved UiS.
– Men nordmenn i utlandet må vel oftast betala skulepengar?
– Det er riktig, men i Norge har me eit prinsipp om at utdanninga er gratis, derfor bør det gjelda for alle, seier han.
Han meiner det bør bli stilt dei same krav til studentar frå utlandet, men også gitt dei same rettane.
– Eigentleg sluttar det der. Me skal ikkje skilja mellom norske og utanlandske studentar. Dei skal ha same vilkår.
Simonsen meiner at han ikkje bryt med dette.
– Det er ikkje FpU sin politikk å behandla studentar ulikt, men det me vil ta opp er kor vidt me ikkje skal ta betaling frå studentar, som kjem frå land der norske studentar må betala for å gå.
Videoklipp frå nykomne internasjonale studentar i Stavanger:
VIDEO: De kjem frå 70 nasjonar og alle verdsdelar.