Hopp til innhold

Dagbladet: To av dei sikta skal ha vore til stades under drapet

To av de sikta skal ha vore til stades då Tina Jørgensen blei drepen. Dei to andre skal ha vore med og dumpa liket. Det opplyser kjelder som Dagbladet har snakka med.

Stedet der Tina Jørgensen ble funnet ved Bore kirke i Klepp

Tina Jørgensen blei funnen ved Bore kyrkje i Klepp.

Foto: Hansen, Alf Ove / NTB scanpix

Ifølgje Dagbladet begynner politiet å få oversikt over kva som skjedde då Tina Jørgensen blei drepen i 2000.

Dagbladet skriv at to av dei sikta skal ha vore til stades då Tina Jørgensen blei drepen, medan dei to andre skal ha hjelpt til med å dumpe liket, men dette er opplysningar som NRK ikkje har fått bekrefta, opplysningane er heller ikkje bekrefta av politiet.

Vil ikkje kommentere

Forsvararen til den første som vart sikta vil ikkje kommentere det som Dagbladet skriv.

– Eg ynskjer ikkje å gi nokon opplysningar som kan skade etterforskinga, seier Torstrup.

Han vil verken bekrefte eller avkrefte om opplysningane til Dagbladet stemmer.

Mora blei tipsa

Ifølgje Aftenbladet var det mor til Tina Jørgensen som tok imot gjennombrotstipset i saka.

Ein av de sikta skal ha tilstått til ein kamerat at han hadde vore med på å ta livet av Tina Jørgensen.

Dette klarte ikkje mannen frå Lyngdal å halde hemmeleg. Difor kontakta han ifølgje avisa drapsofferets mor.

Kjenner ikkje til det

Aftenbladet skriv at det skal vera den første 36-åringen som vart arrestert som fortalde om drapet. Men det vil ikkje hans forsvarer bekrefte.

– Det er informasjon som eg ikkje kjenner til. Det kan vera riktig, eller det kan vera uriktig, men eg er ikkje kjent med det, seier Torstrup.

– Så det er ikkje din klient som har snakka med ein kamerat?

Odd Rune Torstrup

Odd Rune Torstrup forsvarer den første av dei fire mennene som vart arresterte.

Foto: Andreas Molland / NRK

– Kva min klient har gjort eller ikkje gjort ynskjer eg ikkje å kommentere, fordi eg ynskjer at denne saka skal bli oppklart på skikkeleg vis utan at dei som blir avhøyrt sitt med fasiten på førehand, seier Torstrup.

Nektar straffeskuld

Fire menn blei fredag varetektsfengselet, sikta for drap eller medverknad til drapet på 20 år gamle Tina Jørgensen. Alle nektar straffeskuld.

Jørgensen forsvann sporlaust 24. september 2000. Ein månad seinare blei liket funne ved ein tilfelle i ein dreneringskum ved Bore kyrkje på Jæren. Obduksjonen viste at ho blei slått i hel.