Hopp til innhold

– Suvenirane har sett si beste tid

Du får framleis kjøpt suvenirar kor enn du reiser i verda. Men interessa for dei små-harry gjenstandane er dalande, ifølgje professor ved UiS.

Suvenirar

NORSKE SUVENIRAR: Suvenirbutikkar i Stavanger tilbyr mange ulike ting ein kan ta med seg heim att. Dei fleste kundane er cruiseturistar, som er godt oppe i åra.

Foto: Ingvill Bjorland / NRK

Reidar Mykletun

Reidar Mykletun er professor ved Hotellhøgskulen ved Universitetet i Stavanger.

Foto: Privat

– I dag reiser me mykje meir enn tidlegare, derfor er det ikkje lenger så stas med ein suvenir frå eit eksotisk land. Tidlegare var det litt stort å koma heim frå reise og visa fram noko, fortel professoren ved Hotellhøgskulen ved Universitetet i Stavanger, Reidar Mykletun.

Dette kombinert med at folk heller tar vare på reiseminna som bilete på Facebook, og at det er inn med minimalistiske stover gjer at suvenirar er på veg ut fortel han.

– Litt harry

Myklebyst fortel at nordmenn bruker mindre pengar på suvenirar enn tidlegare når me er ute å reiser. Og at dersom ein kjøper suvenir så er det ikkje det tradisjonelle fingerbølet eller eit oskebeger.

– Eg trur nok suvenirane har sett si beste tid om eg skal vera ærleg. Dei vanlege suvenirane har det blitt litt harry å koma heim med. Skal ein ha med seg ein suvenir nå bør det vera ein litt dyr, original og autentisk suvenir. Då kan du ta den med deg å visa den fram, seier han.

– Kvifor er det slik?

– Me som nå har reist lenge er me som har dominert dette bilete til nå, og me har kjøpt dei suvenirane me ville ha. Nå har me nok.

Han fortel om ei reiselivsnæring i endring der me reiser ut meir enn tidlegare og det kjem fleire turistar til Norge enn tidlegare.

BRIKS-turistane handlar i Norge

I Rogaland har turismen auka så kraftig at det framleis blir seld godt med suvenirar her, men Myklebyst trur også at den same trenden vil følgja her.

Me har fått ein del nye tilreisande frå dei såkalla BRIKS-landa (Brasil, Russland, India, Kina og Sør-Afrika). Dersom dei følgjer det same mønsteret er også desse metta på suvenirar om nokre år.

Han seier også at troll som blir selde i norske suvenirbutikkar blir mindre attraktive sidan dei ikkje er «Made in Norway». Hadde dei vore det hadde det blitt seld meir av dei, trass i at dei hadde vore dyrare.

– Ein ser til dømes at strikketøy er noko som sel bra, men dette er berre for dei turistane med aller mest pengar.

Kan framleis kjøpa boomerang i Australia

Sjølv om Mykletun meiner at det er harry med suvenirar, finst det framleis nokre land der ein har lov.

– Reiser ein så langt som til New Zealand ser me at det er vanlegare å koma heim med ein suvenir, fortel han.

Det er ein boomerang eller eit musikkinstrument som er vanlegast å koma heim med då.

Myklebyst fortel også at me nå bruker meir pengar på opplevingar medan me er ute på turen. Så dei gode minna er framleis viktige, men me sett dei berre ikkje på peishylla lenger.