Hopp til innhold

– Straumnettet er ikkje bygd for hydrogenferje

Straumnettet i Ryfylke er for dårleg for hydrogen-elektrisk ferjedrift. Derfor planlegg Lyse nå investeringar for 150 millionar kroner. Men det kan bli tøft å halda tidsskjema.

Ferjen «Hjelmeland»

I 2021 er planen at det skal gå ei hydrogen-elektrisk ferje i Jøsenfjordsambandet.

Foto: Siri Bjelland Berven / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Det er Statens vegvesen som har utfordra reiarlag og verft til å bygga ei av verdas første ferjer som går på hydrogen. Ei slik ferje vil ha større rekkevidd enn ei elektrisk ferje.

Ferjesambandet mellom Hjelmeland og Nesvik på riksveg 13 i Ryfylke er peika ut som testsamband – og i 2021 er planen at det skal gå ei hydrogen-ferje i sambandet som òg skal kunna drivast heilelektrisk med lading frå kai.

Men straumnettet i denne delen av Ryfylke er ikkje bygd for kraftkrevjande teknologiar som dette, ifølge Lyse.

– Desse ferjene treng ein del straum for å lada, eventuelt for å få produsert hydrogen. Linjenettet i Ryfylke, spesielt i Hjelmeland, er gammalt og bygd for ein heilt annan kapasitet, seier leiar for nettutvikling i Lyse Elnett, Børre Dybesland.

Investeringar for 150 millionar kroner

Børre Dybesland

Børre Dybesland, leiar for nettutvikling i Lyse Elnett.

Lyse ser derfor nå på heile linjenettet for å løysa desse utfordringane.

– Slik det ser ut nå må me bygga ei linje inn til Hjelmeland, i tillegg til å fornya transformatorstasjonen i Hjelmeland. Dette handlar om investeringar opp mot 150 millionar kroner. Dette gjer me også for å møta kommande behov.

Bestillinga frå Vegvesenet er ferjelading med ein effekt på to megawatt (MW). Ifølge Dybesland svarar det til 25 prosent av dagens belastning på trafostasjonen i Hjelmeland.

– I tillegg har Vegvesenet antyda at dei kunne ønskt seg endå meir straum. Då vil det vera ei dobling frå det me har i dag. Det er ikkje rart dette er utfordrande.

MF Ampere ved kai i Oppedal

Den elektriske bilferja MF «Ampere» trafikkerer ferjesambandet Lavik-Oppedal i Sogn og Fjordane. Ei liknande ferje, som også går på hydrogen, skal etter planen gå mellom Hjelmeland og Nesvik i 2021.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eit paradoks

Ketil Barkved

Ketil Barkved er regionsutviklar i Ryfylke IKS.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Regionsutviklar Ketil Barkved i Ryfylke IKS er glad for millioninvesteringane Lyse nå gjer i Ryfylke, men synst likevel det er eit paradoks at linjenettet ikkje er betre i ein region med såpass mykje kraftproduksjon.

– Det er eit stort paradoks. Du kan samanlikna det med ein motorveg i Ryfylke med dårlege av- og påkøyrsler. Det er det same med straumen. Me har ein sterk produksjon og eit sterkt transportnett, men så er det vanskeleg å få tak i straumen ute på industriområda.

Barkved leiar eit prosjekt for å betra vilkåra for kraftkrevjande industri i Ryfylke. Han er derfor opptatt av at eit oppgradert linjenett også vil opna opp for kraftkrevjande næringar som datasenter-industri.

Får det travelt

Men først handlar det om å få ei hydrogen-elektrisk ferje på fjorden. Både Ryfylke IKS og Lyse er optimistar med tanke på å få til dette til 2021, sjølv om det kan ta år – berre å få konsesjon til å oppgradera straumnettet. I tillegg kjem oppgraderingsjobben, som ifølge Lyse, også kan ta eit par år.

– Me får det travelt, konstaterer Børre Dybesland i Lyse Elnett.