Hopp til innhold

– Ebola-beredskapen er god nok

Kommuneoverlege i flyplasskommunen Sola, Janne Dahle-Melhus, meiner at den vanlege helseberedskapen deira er god nok til å takla ei eventuell ebolasmitte. – Dersom Helsedirektoratet vil ha høgare beredskap må kommunen få klar melding om det, seier ho.

Janne Dahle-Melhus

Janne Dahle-Melhus er både smittevernoverlege i Stavanger og kommuneoverlege i Sola.

Foto: Mathias Oppedal/NRK

Helsedirektoratet har gått ut og tilråda alle kommunar om å gå gjennom smittevernplanane sine, med ei eiga melding til flyplasskommunar om å «ha ei ordning der kommunelegefunksjonen på smittevernområdet er dekka heile døgnet».

Stavanger lufthavn Sola

Stavanger lufthamn Sola i Sola kommune.

Foto: Avinor

For fleire kommunar har denne meldinga skapt forvirring. I Rygge gjekk rådmannen ut og sa at dette var å be om for mykje. Og i Sola meiner kommuneoverlege, Janne Dahle-Melhus, at bemanninga deira er god nok.

Uklar melding

– Førebels er det for oss litt uklart kva som ligg i meldinga frå Helsedirektoratet. Me har jo rutinar for å handsama denne type mistankar, og her vil legevakta vera førstelinjetenesta. Skal me ha noko meir enn dette må me ha ein tydelegare bestilling, seier Dahle-Melhus, som også er smittevernoverlege i Stavanger.

Helsedirektoratet på si side meiner at meldinga er heilt klar og tydeleg. Dei ber ikkje om meir enn den beredskapen som allereie er.

– Me har berre presisert det som er vanleg praksis om at smittevernoverlegen er ansvarleg og at kommunen skal ha ein beredskap dersom det skulle skje noko utanfor arbeidstida, seier Svein Høgh Henrichsen, som er seniorrådgjevar i helsedirektoratet.

– Viss det skjer noko på smittevern i ein kommune skal det vera ein smittevernoverlege som ein kan få tak i, slår han fast.

Har ikkje formalisert 24-timars beredskapsfunksjon

Sjølv om Dahle-Melhus meiner bemanninga deira er god nok, seier ho at det Helsedirektoratet ber om er noko dei færraste kommunane har formalisert.

– Det er ikkje ein formalisert 24-timars beredskapsfunksjon på dette området hos oss. Men me vil sjølvsagt gjera ein best mogleg innsats om noko skulle skje utanfor arbeidstida, seier ho.

Ho legg til at dette er noko som verken står i kontrakten hennar eller som ho får kompensasjon for. Trass denne usemja, meiner ho at det ikkje er grunn for folk å vera urolege når det kjem til.

– Kva vil skje dersom det kjem eit fly med mogleg ebola-smitte til Sola?

– Me i Sola kommune har vore i kontakt med Avinor, som vil vera første kontaktpunkt med flyet. Me har også drøfta korleis kommunikasjonen vidare til legevakt og sjukehuset skal gå føre seg. Legevakta har klare rutinar for korleis dei skal kle seg opp dersom det skulle vera mistanke om dette. Og sjukehuset har jo veldig god beredskap, seier ho.

At det skal koma ein smitte til Sola, som dei ikkje er varsla om på førehand, ser ho på som svært usannsynleg.

Stavanger-regionen er godt forberedt til å ta i mot pasienter med høyrisiko smitte som E-bola. Stavanger Lufthavn Sola har sin beredskap. Og universitetssykehuset har en helt ny topp moderne isolatavdeling.

Stavanger-regionen er godt førebudde til å ta i mot pasientar med høgrisikosmitte som ebola.

SUS er klare

På Stavanger universitetssjukehus har dei ein ny avdeling klar til å ta i mot eventuelle høgsmittepasientar.

– Me har førebudd oss og øver heile tida for å bli betre. Me skal klara å ta i mot ein pasient her no, seier Sundal.

– Her er det heilt spesielle forhold som gjer at det ikkje kjem bakteriar ut frå det isolerte området, som gjer at det skal vera trygt for personalet, seier Jon Sundal, smittevernoverlege ved Stavanger universitetssjukehus.