Hopp til innhold

– Skilde foreldre må tenke på barna i jula

Mange barn gruer seg til jul fordi dei ikkje får feire saman med begge foreldra. Solveig Horne meiner skilde foreldre må sette ungane først, og tenke på korleis dei har det.

Solveig Horne
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Me veit at det er barn som gruer seg til jul fordi dei ikkje får feire saman med begge foreldra, seier barne-, familie- og likestillingsminister Solveig Horne.

Difor oppmodar ho spesielt skilde foreldre om å fokusere på ungane sin situasjon i jula.

– Me vaksne må tenke oss litt om. Me må spør og involvere barna meir enn det me kanskje gjer, seier Horne.

Og legg til.

– Nokon klarer å feire jul i saman, nokon klarer det ikkje. Men dei vaksne må prøve å sette barna i fokus. Neste år er det gjerne din tur til å ha ungane, og då må ein greie å unne den andre parten å ha ei god jul med ungane dette året, seier Horne.

– Mange barn har det ikkje bra i jula

Horne er sjølv skilt. I år skal ho feire jula saman med sine to ungar heime på Sola i Rogaland. I fjor var dei begge i USA, så ho gler seg til jul i år.

– Ja, det blir veldig godt å vera heime på Sola og ha ungane rundt meg, seier Horne.

Samstundes har ho med seg i tankane dei ungane i Norge som ikkje gler seg til jul.

– Det er den finaste høgtida me har og det er ei tid der alle skal gå rundt å gleda seg. Men så veit me at det er mange barn som ikkje har det så bra, og som gruer seg til jul, seier Horne.

– Det viktigaste me kan gjera er å ha gode førebyggande tiltak for familien. Å skape trygge og gode foreldre, skapar også trygge barn. Samstundes skal me ha gode ordningar og eit lovverk som tryggar dei barna som ikkje har det så bra, og som kan hjelpe dei til ein betre kvardag, seier Barneministeren.

Trenger du nokon å snakke med? Desse kan hjelpe deg:

Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111 (Denne telefonen er open klokka 15–08 på kvardagar, og den er døgnopen i helger og på helgedagar)
Barn og unges kontakttelefon: 800 33 321 (Har opent klokka 14-20)
800TRYGG: 800 87 944
Rustelefonen: 08588