Hopp til innhold

Professor: – Me bør starta nedbygging av oljeindustrien dei neste tiåra

Nedbemanninga i oljeindustrien, og høge kostnadar, kan vera vendepunktet for norsk oljeindustri. Det trur oljeøkonom Klaus Mohn, som teiknar eit dystert bilete av korleis utviklinga kan slå ut i oljeregionen Rogaland.

Klaus Mohn er professor ved handelshøyskolen på Universitetet i Stavanger

Oljeøkonom og professor Klaus Mohn på universitetsområdet i Stavanger. Mohn meiner man bør tenke på nedbygging av oljeindustrien dei neste tiåra.

Foto: Rolv Christian Topdahl / NRK

Han teiknar ei kurve, den går bratt oppover før den tar ein kraftig snuoperasjon. Det er oljeproduksjonen i Noreg, fortel oljeøkonom og professor Klaus Mohn ved Universitetet i Stavanger.

For det er nedgangstider i oljeindustrien. Firma etter firma har måtta sei opp folk, og Statistisk sentralbyrå melde på onsdag om eit fall i oljeinvesteringane på nesten 30 milliardar kroner neste år. Bransjeorganisasjonen Norsk olje og gass kallar fallet ei nedkjøling. Mohn meiner endringane er meir dramatiske.

Kurva til Mohn

Her er Mohn si kurve over oljeproduksjonen i Norge.

Foto: Rolv Christian Topdahl / NRK

– Det er eit vendepunkt. Me snakkar ikkje lenger om stagnasjon, men eit fall i aktiviteten inn i 2015. Ein diskuterer kor stort dette fallet blir, men det er vel ingen som lenger trur at investeringane skal auka frå i år til neste år, seier han til NRK.no.

Forbigåande næring

Det einaste politikarane og bransjen kan gjera, er å få dette fallet til å bli minst mogleg, ifølgje Mohn. For i det lange løp, må me førebu oss på nedskalering av industrien. Årsaka er enkel: Det minkar på olje på norsk sokkel.

– På lengre sikt er dette ei forbigåande næring, i alle fall i Norge. Derfor må ein rekna med at ei nedbygging av denne kapasiteten må skje i løpet av dei neste tiåra. I så måte må ein leggja til rette for at det kan skje ei utflytting av arbeidskraft frå denne næringa, over til andre næringar, seier Mohn.

Følgene vil bli spesielt store i Rogaland, meiner han.

– Dette vil slå inn i sysselsetjinga i regionen, først og fremst leverandørindustrien, men etter kvart også i andre næringar som leverer til oljeleverandørane.

Noko som vidare påverkar andre delar av samfunnet.

– Det kan få breie verknader på arbeidsmarknadsutviklinga med meir dempa lønsutvikling, meir dempa inntektsutvikling til hushaldningane, lågare vekst eller fall i bustadprisar, auka arbeidsløyse og dempa skatteinngang til kommunane, slår professoren fast.

Oljeutvinning blir dyrare

Det er framleis olje i Nordsjøen og i Barentshavet, men det høge kostnadsnivået i bransjen gjer at den kan bli for dyr å henta opp.

– I ein kvar olje- og gassprovins tar ein dei lågast hengande fruktene først. Dette er dei oljefelta som er billigast, størst og enklast å vinna ut. Etter kvart som blir ressursane vanskelegare tilgjengelege, felta blir mindre, reservoara blir meir kompliserte og det blir lengre til infrastruktur.

– Alle desse faktorane påverkar kostnaden av utbygging og drift av desse felta, avsluttar professoren.

Bransjen: – Produksjonen vil halde seg stabil

Bransjeorganisasjonen Norsk olje og gass kjøper ikkje Mohns analyse:

– Dette heilt motsett av det som er lagt fram som prognosar av bransjen sjølv og Oljedirektoratet, nemleg at olje- og gassproduksjonen vil vere stabil dei neste tiåra, seier Erlend Jordal, informasjonssjef for næringspolitikk i Norsk olje og gass.

Han peiker på at det per i dag er 13 felt under utbygging på norsk sokkel, og at det i løpet av dei neste 1,5 åra vil leverast inn 13 nye prosjektplanar (PUD) for feltutbygging.

Jordal er med på at stadig meir olje blir stadig vanskelegare å henta opp, men meiner samstundes at ny teknologi vil gjere industrien i stand til å gjere nettopp det.

– Prognosane me har nå er milevis høgare enn dei var for 15 år sida. Grunnen til det er at ny teknologi og nye løysingar gir oss ein mykje høgare utvinningsrate, seier Jordal.

Flere nyheter fra Rogaland