Dei store summane som nå må nyttast på tryggingsarbeid i Nord-Afrika vil påverka satsinga til oljeselskapa.
Det meiner mannen som var ein av rådgjevarane og strategane då Statoil gjekk inn i Algerie for ti år sidan, Trond Omdal.
- Les òg:
- Les òg: Alt om terroren
Heva terskel
– Det er klart at terskelen for å investera ytterlegare nå blir heva, med auke i tryggingskostnadene, seier analytikaren..
I tillegg høge oljeprisar gjer dette at det vil bli meir interessant å henta ut såkalla utradisjonelle olje- og gassressursar trur Omdal.
Han snakkar om den omstridde oljesand- og skifergassutvinninga i Nord Amerika og arktiske strok.
– Det blir meir lønsamt å driva med denne type produksjon, både for Statoil og andre oljeselskap. Hendinga i Algerie, vil berre vera med på å forsterka denne trenden, seier han.
Omstridd prosjekt
Statoil er allereie til stades i USA og Canada med store anlegg av denne typen. Og Omdal seier at Statoil har auka investeringane sine jamleg i desse anlegga.
Mange folk er motstandarar av desse måtane å utvinne olje på, på grunn av dei miljømessige konsekvensane.
Mellom anna skreiv leiaren i NASA i 2010 eit brev til statsminister Jens Stoltenberg, der han bad Norge om å trekka seg ut av oljesandprosjektet i den canadiske provinsen Alberta.
I fjor demonstrerte fleire av Arbeiderpartiet sine stortingspolitikarar og kravde at regjeringa greip inn og tvang Statoil til å trekka seg ut av prosjektet.
Konsernsjef i Statoil, Helge Lund, har i ein kronikk på Statoil sine nettsider svara på kritikken. Der skriv han mellom anna:
«Oljesand er en ung industri som stadig vil forbedres gjennom teknologiutvikling og økt kunnskap. Vi mener vi med vår offensive holdning til, og erfaring med teknologiutvikling, kan spille en positiv rolle i Canada.»