Hopp til innhold

– Like jævlig same kva motivet var

Arshad Mubarak Ali overlevde skytedramaet på Utøya fredag. Han er sjølv muslim og meiner det ville vore vanskelegare om fredagens hendingar var muslimsk terror. – Slik det er nå går me gjennom dette som ein samla nasjon, seier han.

Gjerningsmann Utøya

Med senka våpen forlèt det som politiet meiner er Anders Behring Breivik odden på Utøya. Tilbake ligg fleire døde. (Biletet er sladda.)

Foto: Marius Arnesen / NRK

Arshad Mubarak Ali

23 år gamle Arshad Mubarak Ali frå Stavanger stod side ved side av ein av ungdommane som blei drepen på Utøya (Arkivbilete).

Foto: Mohammed F. Basefer

23 år gamle Arshad Mubarak Ali frå Stavanger opplevde fredag at drapsmannen på Utøya gjekk like forbi han utan å oppdaga han. Han var sikker på at han skulle døy medan han stod og gøymde seg på toalettområdet:

– Eg hadde allereie sett ein person som stod like ved mi side bli skoten ned. Frå toalettområdet høyrde eg denne personen ropa om hjelp og sa at han ikkje fekk pusta. Eg høyrde så rolege skritt som kom mot han og fyrte av tre til fire skot. Då var eg var sikker på eg skulle døy og tenkte på foreldra mine, mine nærmaste venar og at det var mykje eg aldri meir kom til å kunna gjera. Så høyrde eg at skritta haldt fram nedover gangen.

– Går gjennom dette saman

Mubarak kom frå hendinga med livet i behald, nå er han skaka over det som har skjedd både i Oslo og på Utøya.

Mange sin reaksjon like etter terrorangrepet byrja var at det handla om islamsk terrorisme.

Slik det er nå går me gjennom dette saman som ein samla nasjon; muslimar, kristne, hinduar, ikkje-truande og alle andre. Me har opplevd noko som råkar oss alle, noko me saman skal koma oss gjennom.

Arshad Mubarak Ali

Arshad er sjølv muslim og har gjort seg opp fleire tankar om at dette ikkje var islamsk terror:

– På den eine sida er dette like jævlig same kva motivet var. Likevel trur eg det nå ville vore vanskelegare om dette hadde vore islamsk terrorisme.

Han trur samfunnet ville blitt meir polarisert og at det hadde blitt mindre forståing mellom menneske dersom det var ein muslim som stod bak angrepa.

– Slik det er nå går me gjennom dette saman som ein samla nasjon; muslimar, kristne, hinduar, ikkje-truande og alle andre. Me har opplevd noko som råkar oss alle, noko me saman skal koma gjennom.

Han meiner at det nå handlar om å byggja ei framtid for alle.

Han understrekar likevel at bakgrunn og motiv ikkje spelar nokon rolle for dei som opplevde marerittet på Utøya og dei som omkom.

Vel å snakka

Arshad har vald å snakka om det som skjedde, og han meiner at det er viktig for å få ut informasjon om det som har skjedd. I tillegg slepp han då å fortelja det same om att fleire gonger:

– Mange ringer meg heile tida for å høyra korleis det gjekk med meg. Nå vil eg bruka mest mogleg tid med venar og familie og lar derfor media formidla historia mi ut til meir fjerne kjenningar.

– Korleis meiner du media bør møta dei som har opplevd denne grufulle hendinga?

Me har aldri opplevd noko slikt før, derfor er det nok vanskeleg også for media å vita korleis dei skal gå fram. Media sin rolle er jo å formidla, mitt råd er derfor at det er greitt å stilla spørsmål, men ikkje bli for masete. Mange vil ha fred å ro nå.

– Eg lar meg ikkje kua

Sjølv om begge terrorhandlingane fredag ser ut til å vera politisk retta lar ikkje Arshad Mubarak Ali dette påverka hans politiske engasjement.

– Eg lar meg ikkje kua av dette. For meg er det å delta noko av det viktigaste ein kan gjera, både meg og AUF vil halda fram med å kjempa for det me trur på.

Nå er likevel førsteprioriteten til Arshad å ta vare på dei han har rundt seg, og vera med på å bidra til at alle skal koma seg gjennom hendingane som skaka Norge ved grunnvollane fredag.