Torsdag i sist veke skjedde det for tredje gong på åtte månader. Ein privatbilførar køyrde inn i ein parkert anleggsbil på motorvegen i Stavanger, mellom Bekkefaret og Mosvatnet. Samanstøyten var så hard at anleggsbilen flytta seg atten meter bortover vegbanen.
– Heldigvis var det ingen som sat inne i bilen, og heller ingen som blei treft då den blei skubba bortover vegkanten.
Det seier HMS-sjef i anleggsbedrifta Stangeland Maskin, Olav Silde.
Tar ikkje nok omsyn
I starten på motorvegen i Stavanger, går føre seg det ei storstilt utbygging i samband med at vegprosjektet Ryfast skal koplast på E39. Stangeland Maskin har mellom 40 og 80 mann, som dagleg arbeider på dette anleggsprosjektet. Fartsgrensa er sett ned til 50 kilometer i timen i området, men det er det langt frå alle som bryr seg om.
– Me opplever dagleg at folk køyrer for fort. Det har også skjedd ei negativ utvikling i form av at bilførarane tar mindre omsyn nå, enn kva dei gjorde i starten av prosjektet, seier HMS-sjef Silde.
Nedsett fart også i helgane
– Fartsgrensa er 50 kilometer i timen i området uansett om det går føre seg arbeid der eller ikkje. Kan ikkje det vera grunnen til at folk tar mindre omsyn enn før?
– Det kan vera noko av grunnen, men hugs på at dette området ikkje kan reknast som motorveg lengre. Det er så mykje anleggsarbeid her at det ikkje er råd å ha høgare fartsgrense enn 50, seier Silde.
Må finne ei løysing
Dei to andre gongene anleggsbilar har blitt påkøyrt, har også skjedd på same måte. Det er privatbilistar i høg fart som har køyrt inn i dei. Dette får HMS-sjefen i Stangeland Maskin til å varsle at dei må gjera noko.
– Eg kan ikkje seie kva det kjem til å bli ennå, seier Silde. – Men tre påkøyringar på åtte månader er for mykje, sjølv om det ikkje har ført til at våre tilsette har blitt skadde.