Hopp til innhold

– Ikkje kast gullfisken i naturen

– Folk må slutta å kasta gullfisk og kjæledyr ut i naturen, seier natur-rettleiar i Stavanger kommune, Stig Thanke. Karpefisk har blitt eit uønska problem i Stavanger.

Video Karpefisk til plage

Video: Karpefisk til plage. (Foto: Thomas Ystrøm)

Jon Haaland

Jon Haaland jaktar karpefisk i Stokkavatnet.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Nå skal Stavanger Kommune kartleggja omfanget av den uønska karpefisken i vatna i Stavanger. Fisk som blir sett ut med vilje, for at den skal bli fiska opp att seinare.

Får hjelp

Kommunen har fått profesjonell hjelp for å fanga fisken med mellom anna ljå og garn:

– Det er den uønska karpefisken Sørv me er ute etter. Her i Stokkavatnet har den vore i nærmare seks år, seier Jon Haaland, i Stavanger- og Rogaland fiskeforening.

Framand fisk er eit aukande problem både på austlandet og sørlandet, og Stavanger vil nå kartleggja fleire vatn.

– Ikkje sett ut kjæledyr

– Når fisken først kjem i vatnet fortrengar den etterkvart alle andre fiskeartar, seier Haaland.

Korleis Sørven kom her veit ingen, men han har nok fått menneskeleg hjelp.

– Truleg er det nokon som ikkje ville ta livet av sørven sin, så har dei heller sett den ut her. Om du har kjæledyr, anten det er fisk eller kva det er bør du aldri setja den ut i naturen, seier Stig Thanke i Stavanger kommune.