– Han blei medisinert til døde

To månader etter Per Olaf Asheim byrja på tung medisinering døde han. Dødsrapporten viser massiv blodpropp, men familien meiner det var medisinen som tok livet av han. Helsedirektoratet stadfestar at feilmedisinering av psykisk utviklingshemma skjer i Norge.

På snaue tre år gjekk Per Olaf Asheim frå å vera ein turglad ung psykisk utviklingshemma mann, til å bli så utagerande og rabiat at han måtte ha fleire vaksne menn for å passa han 24 timar i døgnet.

Søstera til Per Olaf, Tove Asheim, har tatt opp kampen mot systemet som ho meiner var direkte årsak til at broren til slutt døde full av medisinar. Ein kamp ho også kjempa før broren døde.

– Du brukar alle kanalar, men kjenner deg likevel makteslaus, seier Tove som meiner at tvangsflytting av broren og feilmedisinering var det som tok livet av Per Olaf.

Sjå TV-innslaget om Per Olaf sin lagnad:

Video – Han blei medisinert til døde

VIDEO: Tove Asheim kjempar framleis for Per Olaf. (Foto: Eirik Gjesdal)

Halvparten får feil medisin

Studiar viser at i Norge går om lag 40 prosent av alle psykisk utviklingshemma på medisinar som påverkar nervesystemet. Halvparten av desse har aldri fått ein diagnose som legitimerer medisineringa.

Me manglar kompetanse til å vurdera helsesituasjonen til psykisk utviklingshemma. Me kan sjå at mistrivsle blir feiltolka som psykiatrisk sjukdom.

Bjørn Guldvog, assisterande helsedirektør i Helsedirektoratet

Som det går fram av tabellen nedanfor er uro ofte årsaka til at utviklingshemma får dei sterke medisinane, såkalla psykofarmaka.

– Ein skal vera svært varsam med å gje fleire tunge medisinar samstundes til psykisk utviklingshemma. Dei har ein kompleks samansett hjerne, og ein veit ikkje alltid korleis dei ulike medikamenta verkar saman, seier privatpraktiserande psykiater, Trond Nesse.

Ifølgje studia kjem det fram at utskriving av sterke medikament verkar ukritiske, og at det sjeldan går føre seg evaluering av verknader eller biverknader etter pasientane har byrja på medisinen.

Symptom som blir behandla med psykofarmaka i prosent

Symptom som blir behandla med psykofarmaka i prosent (tal frå 2001)

 Ruths et al 2001. Eur J Clin Pharmacol 57:523-8

  Type psykofarmaka

Indikasjon oppgitt av sjukeheimslege

 

Angst

Uro

Søvn

Depresjon

Psykotiske symptom

Antipsykotika

10

40

x

x

27

Anxiolytika

43

33

13

x

x

Hypnotika

1

2

91

x

x

Antidepressiva

5

7

x

77

x

Kjelde: Sykepleierforbundet

Såg angsten i augo

Tove Asheim meiner at bror hennar var offer for denne type feil- og overmedisinering. For Per Olaf Asheim og familien blei utfallet det verst tenkelege.

– Angsten eg såg i augo til Per Olaf siste gong eg trefte han forfølgjer meg framleis, seier søstera Tove som besøkte bror sin veker før han døde. Då fekk han store dosar Heminevrin, Nozinan, Risperdal og Tegretol etter å ha vore medisinfri om lag tre år tidlegare.

Fram til 2007 levde psykisk utviklingshemma Per Olaf Asheim eit godt liv på institusjonen Dale i Sandnes kommune. Ein stor institusjon av den «gamle» typen. Der gjekk Per Olaf lange turar, gjekk på symjing og jobba med hestar i stallen.

– Han hadde humor og kunne spøkja og le. Kvardagen hans var prega av fast struktur og gode rutinar. Dette hjelpte Per Olaf til å leva eit liv utan medisinar, seier tidlegare vernepleiar på Dale, Hilde Gjesdal.

HVPU-reforma førte til at ein flytta psykisk utviklingshemma vekk frå desse store institusjonane til bufellesskap i heimkommunane deira. Dette blei også tilfellet for Per Olaf, trass protestar frå familien.

Blei halden i seksten timar

Då Per Olaf kom i bufellesskap blei situasjonen hans verre og verre. Det blei mindre og mindre turar, meir og meir medisinar og eit personale som ikkje kjende Per Olaf sine behov:

Vernepleiar Hilde Gjesdal fekk halda fram med å jobba med Per Olaf i den nye institusjonen. Men til slutt blir situasjonen rundt han så vanskeleg at ho vel å slutta:

– Eg kunne ikkje halda fram lenger, seier Gjesdal.

Ho meiner at situasjonen til Per Olaf hadde rakna fullstendig i det nye bufellesskapet. På toppen av dette blir det endå ein gong avgjort at Per Olaf må flytta, dette skjer sommaren 2009.

Hilde Gjesdal

Vernepleiar Hilde Gjesdal blei med Per Olaf frå Dale til det nye bufellesskapet. Her klarte ho ikkje halda fram arbeidet. Ho meiner at situasjonen til Per Olaf rakna fullstendig.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Trudde ho hadde betre tid

Her eskalerer problema rundt Per Olaf ytterlegare.

– Han fekk sovemedisin til frukost, og måtte på det verste bli halden i seksten timar om gongen. I løpet av desse to månadene blei bemanninga tredobla. På slutten jobba seks personar om dagen og tre personar om natta med å ha kontroll på Per Olaf, seier søstera.

Etter eitt år på den nye institusjonen døde han. Søstera var på besøk veker før han døde:

– Då sa eg til far min; 'dersom me ikkje gjer noko nå, så dør Per Olaf', eg trudde likevel me hadde betre tid enn nokre veker, seier Tove Asheim, som engasjerte advokaten sin og hadde fått ordna eit møte om situasjonen før beskjeden om brorens død kom.

Dødsrapporten viser massiv blodpropp, men søstera meiner det var medisineringa som tok livet av han.

– Alvorlege forhold

Helsedirektoratet innrømmer at det skjer feilmedisinering av psykisk utviklingshemma i landet, og at det er eit stort problem:

Bjørn Guldvog

Assisterande helsedirektør Bjørn Guldvog innrømmer at medisinering av psykisk utviklingshemma i norsk helsevesen er eit problem det må bli gjort noko med.

Foto: Thomassen, Christian / SCANPIX

– Me er kjende med at desse medikamenta til tider blir brukte utan at det er stilt ein diagnose. Eg trur dette er eit av dei verkeleg alvorlege forholda i norsk helseteneste som me må gjera noko med, seier assisterande helsedirektør Bjørn Guldvog.

– Kva er årsaka til at det er slik?

– Årsaka er at me manglar kompetanse til å vurdera helsesituasjonen til psykisk utviklingshemma. Me kan sjå at mistrivsel blir feiltolka som psykiatrisk sjukdom.

– Finst det andre pasientgrupper i Norge som får psykofarmaka utan diagnose?

Det kan eg ikkje seia. Utviklingshemma er nok i ei særstilling sidan mange i helsevesenet ikkje klarar å skilja mellom det som er psykisk utviklingshemming eller det som er psykisk liding.

Psykiater Trond Nesse skuldar dette på HVPU-reforma som han meiner har havarert på halvvegen. Han meiner reforma har lukkast i å flytta brukarane ut i bufellesskap, men ikkje i å kvalitetssikra det nye tilbodet:

– Då institusjonane blei bygde ned forsvann kompetansen. Kompetansen blei ikkje med på flyttelasset, seier Nesse.

Kjempar vidare

Familien til Per Olaf fekk aldri beskjed om kor dårleg fatning han var i. Og fekk vita lite om medisineringa som gjekk føre seg.

Nå kjempar søstera vidare kampen, for å klara opp i kva som skjedde med broren hennar. Både politiet og Helsetilsynet er involverte i saka.

Håpet er at andre skal sleppa å måtta leva gjennom det same som ho og familien hennar har måtta oppleva.

Nå har ho berre minna att etter den ein gong svært glade og aktive broren sin.

Helseføretaket der Per Olaf budde på slutten avviser at det er nokon samaheng mellom medisinbruken og dødsfallet. Dette gjer dei med bakgrunn i obduksjonsrapporten.