Hopp til innhold

Slektning av sakna person er optimistisk

NRK har vore i kontakt med ein slektning og ven av den eine nordmannen som er sakna på Grønland. Han har god tru på at dei tre jærbuane er i god behald.

Kangerlussuaq

Det var frå flyplassen Kangerlussuaq, dei tre jærbuane drog ut på fisketuren sin.

Foto: Leiff Josefsen

Slektningen av den eine som er sakna på Grønland, kan fortelja at dei har vore på mange fisketurar saman.

– Då har me vore på kjende stader, men så vidt eg veit har han ikkje vore på Grønland før. Uansett er dei alle tur-røynde folk som eg trur vil klara seg godt ute i naturen, seier han.

Korleis ser du på situasjonen?

– Eg er svært optimistisk. Om dei skulle ha for lite mat har dei med seg fiskestenger slik at dei kan fiska seg mat. Men om det går fleire dagar utan at me høyrer frå dei, blir eg kanskje meir uroleg.

NRK sit på arkivbilete frå området rundt Søndre Strømfjord, kor dei tre er sakna, under kan du sjå videoklipp av naturen.

Video GRØNLAND ARKIV

Arkivbilete frå 2006

Har funne spor

Også politiet i Grønland er optimistiske. Dei seier at det ikkje er uvanleg at folk går seg vill i dette området, og at det som regel ender godt.

Det var i går kveld at tre jærbuar vart meldt sakna, etter at dei ikkje kom tilbake frå ein fisketur.

Det vart søkt med helikopter i går, og då blei det funne spor som kan ha kome frå Jærbuane.

– Dette er eit område kor mange ferdes, fotspora me har funne kan difor tilhøyra andre seier vakthavande politi i byen Nuuk, Erik Rasmussen til NRK.no.

I dag skal søket bli tatt opp att. Tidsforskjellen mellom Grønland og Norge er fire timar.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Alle er frå Hå kommune

I følgje Aftenbladet skal alle dei sakna vera frå Hå-kommune.

Rådmann Lars Kolnes seier til avisa at kommunen skal bidra med kva det måtte vera.

– Saka har sjølvsagt høgaste prioritet hos oss i dag, seier Kolnes.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.