Hopp til innhold

Politiet på Grønland vil halda fram leitinga etter tre sakna jærbuar

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

I dag vil politiet gjera eit nytt helikoptersøk etter dei sakna nordmennene. Vakthavande politiassistent i byen Nuuk, Erik Rasmussen, seier at området jærbuane var i kan vera farleg.

– Det er alltid ein risiko for at områder med fjell og skrantar kan vera farlege, dessutan er det ei stor elv i nærleiken som ein ikkje kan kryssa på grunn av straumen, seier Rasmussen til NRK.no.

Klokka 05:40 måndag morgon, eller klokka 01:40 lokal tid på Grønland, opplyste politiet at dei vil gjera eit nytt søk med helikopter på måndag.

– Me håper at me vil finna dei i god behald, seier politiassistenten.

Ifølgje Aftenbladet skal alle tre koma frå Hå kommune.

– På dette tidspunktet kan me berre håpa av heile våre hjarter at dei vil koma til rette igjen, seier rådmann i Hå kommune, Lars Kolnes, til avisa.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Sakna sidan søndag

Det var søndag kveld dei tre mennene vart meldt sakna i området rundt Søndre Strømfjord på Grønland.

Dei tre jærbuane skulle bli henta på Stavanger lufthamn, men dukka ikkje opp.

Ifølgje Jærbladet skal dei tre mennene ha vore ute på fisketur.

Nytt søk

Området det lokale politiet leiter i er stort. Derfor bruker dei helikopter for å lokalisera jærbuane.

– Me reknar me at me reiser ut med helikopteret igjen på måndag for å halda fram med søket, seier Rasmussen.

Han legg til at han antar at nordmennene har det godt, og at det berre er eit spørsmål om tid før dei blir funne i god behald.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.