Hopp til innhold

– Det var rett og slett nifst

I går kveld raste 25 kubikk stein over vegen inn til Ulladalen i Suldal. – Det er ikkje spesielt kjekt, men det er slikt ein må leva med på Vestlandet, seier Velaug Innvær som ofte køyrer på vegen.

Ras i Ulladalen

I går kveld raste desse steinane over vegen inn til Ulladalen i Suldal. Heldigvis var det ikkje folk under, då raset gjekk.

Foto: Arne Vestbøstad / Suldalsposten

– Det låg ein svær stein saman med mange småsteinar og bjørketre stod på kryss og tvers, fortel Velaug Innvær.

25 kubikk stein

Ho og mannen hennar Gunnar hadde gjestar som køyrde inn Ulladalen i Suldal klokka sju i går kveld. Då dei skulle heim att klokka ni var heile vegen sperra av 25 kubikk stein.

– Dette er eit området der det er svært sjeldan at det går ras, seier vegansvarleg i Suldal kommune, Morten Aarhus.

Han fortel klokka 10.45 at kommunen er i gang med å rydda og fiksa opp den kommunale vegen, som har vore sperra i heile natt.

Like etter er vegen igjen open.

– Me må lappa ein del med asfalt. Steinane losna om lag 200 meter oppe i fjellet, så dei har gjort stor skade på vegen, seier han.

Velaug Innvær fekk frakta gjestane fram til rasplassen, der fota dei seg over, og blei henta på andre sida. Sjølv har ho og ein annan som bur i Ulladalen vore utan vegforbinding i natt.

– Ikkje spesielt kjekt

Sjølv om småras ikkje er uvanleg i området, er dette omfanget større enn det Innvær er vand med.

– Eg er oppvaksen her inne og har aldri sett eit liknande ras her. Ei telefonlinje blei også treft og skadd, men ikkje kappa av, så me har heldigvis telefon, seier ho.

– Då me gjekk ut for å sjå i går kveld var det rett og slett nifst. Men når ein køyrer inn denne vegen kan ein jo venta seg ras kor tid som helst, det er jo ikkje spesielt kjekt, men slik er det på Vestlandet.