Hopp til innhold

– Behov for betre rutinar for å hindra ulukker

Kvitsøyordføraren etterlyser betre rutinar for å hindra ulukker når ferja over Boknafjorden blir omdirigert frå Mortavika til Mekjarvik.

Mekjarvik

Ferjekaien i Mekjarvik (arkivbilete).

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Torsdag ettermiddag blei det igjen trafikkaos i Mekjarvik og store delar av Randaberg då sterk vind tvang ferja over Boknafjorden å legga til kai i Mekjarvik.

Vanlegvis er det berre dei som skal over til Kvitsøy som står i kø på denne ferjekaien nå som ruta til Skudeneshavn er lagt ned.

Farlege situasjonar

Men når ferjene over Boknafjorden må legga kursen om Merkjarvik, oppstår det kaos.

Mirjam Ydstebø

Mirjam Ydstebø

Foto: Kristelig Folkeparti

Særleg kaotisk blir det for dei som til vanleg bruker kaia for å komma seg til Kvitsøy, ifølgje Kvitsøy-ordførar Mirjam Ydstebø.

– Me som skal til Kvitsøy bli stoppa av masse trafikk, og det oppstår lett farlege situasjonar ved at ein sjansar på å køyra forbi for å rekka ferja, seier Ydstebø.

– Kva bør ein gjera med dette?

Eg blir skuffa over at ein ikkje klarer å organisera dette på ein god måte. Det må vera rutinar slik at vegvesenet og politiet kan bli varsla, slik at nokon kan dirigera trafikken.

Vegvesenet: – Me har rutinar

Ordføraren har tatt opp problemet med Statens vegvesen både i fjor haust og året før utan at noko har skjedd, ifølgje ho sjølv.

Eivind Stangeland

Eivind Stangeland

Foto: Magnus Stokka / NRK

Men Statens vegvesen seier det i dag finst rutinar for varsling, og at dei i går var ute med folk som dirigerte trafikken.

– Men det er klart at når trafikken hopar seg opp før me rekk å komma ut kan det sjå kaotisk ut i starten. I tillegg må me snu skilta som viser veg for E39 og gjerne varsla fleire før me kan ta til med dirigeringa, seier byggeleiar i vegvesenet, Eivind Stangeland.

– Er rutinane gode nok i dag?

Det kan me godt stilla spørsmål om. Men det er dei rutinane me har innarbeida og prøver å gjennomføra på best mogleg vis.

Stangeland legg til at vegvesenet vil vurdera om dei skal senda ut fleire folk til å dirigera trafikken neste gong ferjene over Boknafjorden må legga om kursen til Mekjarvik.