Hopp til innhold

Hydro legg ned pressverk - 90 kan bli ståande utan arbeid

Etter det NRK.no erfarer vil styre i Hydro Aluminium Profiler AS i morgon bestemma at pressverket på Karmøy skal bli lagt ned. Dermed vil 90 arbeidsplassar bli råka.

Hydro Karmøy

Hydro aluminium på Karmøy er ein viktig arbeidsplass i kommunen.

Foto: Tor Andre Johannessen

Leiinga vil ikkje kommentera saka før pressekonferansen som skal vera i morgon klokka 15.30, men etter det NRK erfarer blir det nedleggjing.

Tilsette på fabrikken har frykta dette heilt sidan det blei klart at Hydro vurderte å stengja ned pressverket.

Dei fryktar at 90 tilsette på karmøyøyanlegget vil stå utan jobb og inntekt. Dessutan meiner dei at nedlegginga vil få store negative ringverknader for andre bedrifter i regionen.

– For oss vil dette vera det siste me treng, har fagforeiningsleiar Sten Roar Martinsen tidlegare sagt til NRK.

Dei andre to pressverka til Hydro i Norge, på Raufoss og i Mangor, vil truleg bli oppbemanna.