13-åring påkøyrd

Ei 13 år gamal jente blei i ettermiddag lettare skadd då ho blei påkøyrd av ein bil på Gosen i Stavanger. Føraren av bilen og jenta snakka saman etter trafikkuhellet, men verken politi eller ambulanse blei varsla. Då jenta kom heim og fortalde familien om kva som hadde skjedd, blei ho frakta til legevakta. Politiet ønsker nå å koma i kontakt med ei kvinne i 40-åra som køyrde ein mørk BMW og som var involvert i trafikkuhellet.