Målet med prosjektet er enkelt.
- Me ønsker at fleire skal busetta seg i den flotte kommunen vå seier fungerande kultursjef Tormod Skeie.
Skeie håper kunstnerane kan vera med å skapa entusiamse i Suldal og seier kommunen har mykje å tilby.
- Me har ledige bustader,og fleire ledige atelie. Men me har også lyst på god kunst, seier ein ivrig Skeie.
Alle kan søka på stipenda, og kommunen har annonsert i både fagblad og på kunstskular.
Skeie ser for seg at stipenda vil vera mest aktuelle for billedkunstnarar, men legg til at alle kan søka. Både etablerte og nye kunstnarar.