Hopp til innhold

Tatt med kniv og øks i Egersund

Ein mann i 40-åra som vart kontrollert av politiet i Egersund i ettermiddag, hadde både ein kniv og ei øks på seg. Ifølge politiet var mannen rusa. Mannen vert meld og vist bort frå sentrum. Politiet tok kniven og øksa.