Hopp til innhold

Talet på arbeidsledige går ned

9 535 personar i Rogaland er heilt arbeidslause ved utgangen av juni. Dette er ein nedgang på 16 prosent samanlikna med same månad i 2016, viser tala frå Nav. 2 309 personar var i eit arbeidsretta tiltak. Dette gir ei bruttoarbeidsløyse på 11 844 personar, tilsvarande 4,6 prosent av arbeidsstyrka.