Hopp til innhold

Innbrot hos Posten i Sandnes

Ein eller fleire innbrotstjuvar har teke seg inn i Posten sine lokale i Hovevegen i Sandnes tysdag morgon. Alarmen gjekk klokka 05.30, og då politiet kom til staden var gjerningspersonane vekke. Det er framleis uvisst om dei har fått med seg noko.