Partiet har fått kraftig kritikk fordi dei ikkje vil ha Medhaug på val-listene etter at voldtektsskyldingane mot han blei kjent.
Partileiaren meiner ikkje KrF gjør Medhaug rettslaus. - Det er ingen som har krav på politiske verv, seier ho, det er noe som krev tillit.
- Manglar forståing
- Utsegna frå Valgerd Svarstad Haugland vitnar om total mangel på forståing for korleis politiet jobbar, seier Medhaug sin advokat, Bjørn Vikse.
Vikse påpeiker politiet ikkje ei gong har funne grunnlag for å ta ut tiltale mot Medhaug.
At politiet legg bort saka er derfor ikkje dårlegare enn ei frifinning i domstolane, seier Vikse, snarare tvert imot.
- Har fått oppreising
Kvinna som meldte Jan Birger Medhaug føler at KrF-leiinga nå har gitt henne ei oppreising. Det seier bistandsadvokaten hennar, Hege Salomon.
Jan Birger Medhaug vurderer å gå til søksmål for ærekrenking mot kvinna, men det har bistandsadvokat Hege Salomon inga forståing for.