Hopp til innhold

- Innemarknaden er nærast tørrlagt

Politiet har saumfart innemarknaden for sexsal.

Sexsalg

Illustrasjonsfoto

Foto: Aina Rødal / NRK

- Marknaden for sexkjøp i Stavanger er nå nærast tørrlagt, det seier politiførstebetjent Carl Petter Endresen.

Politiet har i løpet av eit par månader saumfart innemarknaden og tjue horekunder er tatt så langt.

- Me har gått ut og sett på kven som jobber der, og kven som leiger ut til jentene, seier Endresen.

Arrestasjonen av ein slovensk bakmann med 20 kvinner i sitt nettverk har naturlegvis hatt stor betydning.

For dei jentene som ønskjer å selje seksuelle tenester er det ikkje vanskeleg å finna leilegheiter dei kan operera frå, ifølge Endresen.

- Me har god kontakt med fleire av desse utleigarane, dei kan jo ha over femti leilegheiter som ligg ute på nettet til leige. Dei diskuterer me med, i tillegg til å orientere og utveksle informasjon. Dermed begrenses marknaden.

På internett i går fann NRK berre to jenter i Rogaland og dei opererte frå Haugesund og Sandnes.

Les og: Tjente nærmere en million kroner