NRK Meny
Normal

- For få faglærde i ambulansane

Helse Fonna får kritikk frå Helsetilsynet etter landsdekkjande undersøking.

ambulanse, sykebil
Foto: Wenche Lamo Hadland / NRK

Helsetilsynet har denne veka sjekka om ambulansetenesta rundt om i landet er god nok i sommarferien.

Undersøkinga viste at det er mange ambulansar på vegen, men at mange av bilane er bemanna med vikarar. Slik tilfellet blant anna er i Helse Fonna som dekkjer Nord-Rogaland og Sunnhordland.

Her kjører 7 av 18 bilar med personell som ikkje tilfredsstill helsetilsynets krav om utdanning. Det er dårlegare enn landsgjennomsnittet.

Men det som uroar er ein utstrakt bruk av vikarar med varierande bakgrunn.

Fungerande Helsedirektør, Geir Sverre Braut

- Akuttberedskapen når det gjeld ambulansetenesta i Norge er bevart. Det var 488 ambulansar på landsbasis i drift, det er så godt som same tal som når det ikkje er ferie. Men det som uroar er at det er ein utstrakt bruk av vikarar med varierande bakgrunn, seier fungerande direktør i Helsetilsynet, Geir Sverre Braut.

Usikker på opplæringa

Braut seier at det er klart at ein må ty til vikarar i ferietida.

- Nokon plassar har ein sikra at desse vikarane har fått ei veldig god opplæring. Andre stader er me nok litt mindre sikre på den opplæringa vikarane har fått. Me ser og at ein del plasser i landet, kanskje særleg på vestlandet og nordpå, der er det og ein kronisk bemanningssvikt heile året.

Helse Fonna med base i Haugesund er vel eit av desse føretaka?

- Ja, etter dei opplysningane me greidde å finna fram til så hadde Helse Fonna 18 bilar i drift på tysdag. Kor av elleve var fullt ut bemanna i samsvar med krava, så var det 7 som ikkje fullt ut gjorde det.

- Men likevel har personalet på desse bilane ei slik opplæring at me ikkje kan seie at dei blir drivne uforsvarleg. Men dei har eit utviklingspotensiale, og i den klubben finn ein halvparten av helseføretaka, seier Braut.

- Me har godt samvit

Fungerande ambulansesjef i Helse Fonna, Sven Ytreland beklagar, men meiner dei likevel kjører forsvarleg.

- Nei, det hadde jo vore vanskeleg å tilfredsstilla kravet heilt og fullt ut. Men med dei bilane som ikkje gjer det, har me ikkje ein uforsvarleg bemanning. Så me har eigentleg ganske godt samvit i forhold til den bemanning som er på dei bilane i dag.

Men kor store er utfordringane i sommarmånadane?

- Dei blir større i og med at halvparten av bemanninga har ferie, og me må erstatta folk med fagbrev- og autorisasjon med vikarar. Og det er vanskeleg å oppdriva folk med den nødvendige kompetansen, så derfor har me brukt folk som har fått ein svært god utdanning.

Ytreland fortel at dei nyttar medisinstudentar som vikarar.

- Det meiner me er heilt fullt forsvarleg, og det same meiner Helsetilsynet om den saka.