Hopp til innhold

- Bompengar må brukast på veg

Næringslivet reagerer på at bompengar blir brukt på andre ting.

Bomstasjonen på Forus
Foto: NRK

I mai neste år vil den nye sykkelrundkjøringa står klar i Tjensvollkrysset i Stavanger.

Eit prosjekt som er finansiert med bompengar. For det du betalar i bompengar går ikkje berre til veg, pengane blir og brukt til for eksempel gang- og sykkelstiar. Det har fått fleire til å reagere.


Vil ha sin del av kaka

Interesseorganisasjoner for næringslivet er misnøgde med bruk av bompengar som ikkje går til veg.

- Når ein tar inn bompengar for å byggja ein veg så er det jo vesentleg at den vegen faktisk blir bygd, seier styreleiar i logistikkforeninga, Inge Oliversen.

Foreiningas medlemsbedrifter legg kvart år igjen fleire millionar kroner i bompengar, nå vil organisasjonen ha sin del av kaka.

- Me vil vere med å bestemma, og tilføra kunnskap og kompetanse om næringslivets utfordringar, seier Oliversen.

- Dette er positivt.

Men ifølgje Eirin Sund frå Arbeidarpartiet må bompengar og gå til anna enn veg.

- Eg synest at det er veldig positivt at me nyttar bompengar til både sykkelsti og kollektivtrafikk. For me klarer ikkje å byggja oss ut av våre problem og utfordringar her i regionen utan at me får gjort noko med desse tinga. Det vil me fortsetja å gjera så lenge me sit med handa på rattet, seier Sund.

Er det greit å bruka bompengar på andre ting enn veg?