Hopp til innhold

Vektar skoten ved Universitetet i Oslo

Ein vektar som gjekk patrulje på Blindern i Oslo vart skoten i natt. Han er ikkje alvorleg skadd, men saka vert etterforska som eit drapsforsøk. Under åstadsinspeksjon fann politiet ein bombeliknande gjenstand.

Utenfor fysikkbygningen

FYSIKKBYGGET: Vekteren vart skutt i brystet da han gjekk ei vaktrunde ved Fysikkbygget på Blindern.

Foto: D. Laabak / Tipser.no

Vektaren vart skoten då han oppdaga to menn utanfor fysikkbygningen. Han ringde sjølv politiet klokka 02.45 natt til onsdag.

– Han hadde blitt oppmerksam på to personar som han ønska å ta ein prat med. Då han nærma seg dei byrja dei å springe. Plutseleg snudde den eine mannen seg og skaut fire eller fem skot mot vektaren, seier Vidar Pedersen, operasjonsleiar ved Oslo politidistrikt.

– Drapsforsøk

Vektaren vart treft i brystområdet, opplyser politiet, men han er ikkje alvorleg skadd.

Politiet etterforska skytinga som eit drapsforsøk, skriv politiet i ei pressemelding.

– Han hadde på seg ein skotsikker vest og fekk behandling av helsepersonell på staden, seier Vidar Pedersen.

Ådne Mauritzen, kommunikasjonssjef i Nokas, seier at det går tilsynelatande bra med vektaren.

Han seier at vektaren hadde på seg ein vernevest, som i nokre tilfelle kan fungere som skotsikker vest. I utgangspunktet er den meint å beskytte mot stikk med kniv og liknande, og er lettare enn ein skotsikker vest.

Fysikkbygningen Blindern

Politiet lette etter gjerningsmennene i natt.

Foto: D. Laabak / Tipser.no

Politiet har lett med hundar etter de to mennene i Blindern-området. No er søket trappa ned og arbeidet er over i ei etterforskingsfase og kriminalteknikarar undersøker området.

Operasjonsleiar Vidar Pedersen i Oslo-politiet ber folk ta kontakt dersom dei har sett mannen som skaut vektaren.

Området ved universitetet er sperra av, men arbeidet ikkje får konsekvensar for studentane som er på universitetet no i sommertiden.

Vektaren har skildra mannen som skaut som ein tynn mann, 175 høy med lys hud, raud kaps, svart jakke og grå sko. Han skal ha snakka engelsk.

Blindern, Fysikkbygningen

Andre angrep på kort tid

Dette er andre gang i løpet av vel halvanna år at ein vektar vert angripenmed våpen på universitetsområdet på Blindern, seier Mauritzen.

– Opp gjennom åra har vi hatt nokre hendingar på Blindern. Blant anna for drygt eitt år sidan vart ein av våre vektarar truga med eit våpen, utan at det vart fyrt av skot. Då vurderte vi det slik at universitetsområdet er ein stad det vi brukar vernevest.

Han seier at dei er opptekne av å ta hand om den råka vektaren. Leiing og dei tilsette er kopla inn, og fleire vil verte kalla inn til debrief.