Etterslokkinga held fram utover søndagen

Søndag morgen held brannmannskapane fram med etterslokking av brannen på Grønland i Oslo. Det er framleis stor varmeutvikling i dei delane av bygget som er råka av brannen.

Video c0cb713f-d5c6-4fdb-8f67-d30fb53447e7.jpg

VIDEO: Slik såg brannen ut. Toppetasjen på bustadblokk på Grønland i Oslo var heilt overtent.

Brannarbeid i Oslo

Brannvesenet drev fortsatt etterslokning søndag morgen etter storbrannen i Grønland 24.

Foto: Kristian Norvik / NRK

Operasjonsleiar i Oslo politidistrikt, Sven-Martin Ege, seier at brannmannskapa har kontroll på brannen og at dei nå driv på med etterslokking.

– Det er alltid ein sjanse for at brannen kan blusse opp igjen, det er framleis stor varmeutvikling, men så lenge dei er på staden har dei kontroll på det.

Politiet har ikkje fjerna sperringene kring bygget. Det er fordi sterk vind auker faren for at lause gjenstandar kan falle ned frå taket på bygninga.

Ege garanterer at politiet blir på staden til området er heilt trygt.

– I tillegg skal vi gjere undersøkingar på staden før han blir opna.

Politiet evakuerte totalt 83 personer igår kveld. I tillegg kjem nokre som sjølv evakuerte uten innblanding frå politiet.

Blokka har adresse Grønland 24 og ligg rett ved Grønland T-banestasjon. Politiet fekk melding om brannen klokka 21.25.

Det skal ikkje vere nokon skadde i brannen. SJÅ BILETE FRÅ BRANNEN

Fleire får flytte heim

Kring 40 personar vart evakuerte frå bygningen og fleire nabobygg. Nokon av dei kan no flytte tilbake i leilegheitene sine, melder politiet.

– Det er bebuarar i Smalgangen 20 og 28 som får flytte heim, samt 26, men berre frå 7. etasje og nedover. I nummer 24 er det veldig mykje vatn og bygget er ikkje råd å bu i, i alle fall i natt, seier Sven Martin Ege ved Operasjonssentralen like etter klokka 2.

– Det blir også brukt mykje ressursar for å halde sperringane rundt adressa, for å halde folk vekke og la brannvesenet gjere jobben sin. Det er også ein del vind og ting bles ned frå taket. Me vil ikkje at nokon blir skadde og ber folk om å halde seg vekke, seier han.

– Så snart det er mogleg å gå inn i bygget kjem me til å byrje undersøkingar kring brannårsaka, seier han.

(Saka held fram)

brann grønland

Brann på Grønland i Oslo.

Foto: Paul Arne Nordal / ABC Nyheter

Utfordrande sløkkingsarbeid

Rundt midnatt meldte Ragnar Kvennodd i Oslo Brann- og redningsetat at brannmannskapa nærma seg ettersløkkingsfasen.

Ein og ein halv time seinare har den enno ikkje byrja, opplyser Hansen.

– Sløkkingsarbeidet er utfordrande, det er mykje utspring og glasverandaer, så me må angripe brannen innvendig. Men bygget er nytt og moderne og forholdsvis branntrygt, så eg vurderer det ikkje slik at det er stor fare for spreiing, sa Kvennodd tidlegare på kvelden.

Bitar fell frå taket

Brann i Grønland i Oslo

Brannmannskap ved Grønland 24.

Foto: Kjersti Kanestrøm Lie

– Me driv og evakuerer for harde livet no. Det brenn kraftig og det er fare for at brannen spreier seg til bygningane rundt, så dette er langt frå over, sa operasjonsleiar Tore Solberg i politiet før på kvelden.

– Full fyr i toppetasjen. Brannvesenet tar seg inn, politiet tar seg av evakuerte. Skuelystne bes halde seg unna!, melder operasjonssentralen på Twitter i 22.30-tida.

– Det brenn ganske kraftig. Det står nakne flammer opp frå toppen av bygget, sa Ernst Erik Hempel som har utsikt til bygget.

– Småbitar av taket flyr ned på gata. Heile Grønlandsleiret er sperra av, seier Kjersti Kanestrøm Lie på staden.

(Saka held fram)

Video Brann i Oslo

VIDEO: Brann i Oslo

Bur i bygget

Paul Sunde bur i 10. etasje i bygget med sin kone og deira ein veke gamle son. Dei kom seg i sikkerheit hjå naboar i Smalgangen ikkje langt unna.

– Me blei oppringt av naboen om at det var brann på taket. Me kom oss ut og då såg eg at det brann i 11. og 12. etasje, seier han.

– Det var heilt udramatisk for oss, men det er skummelt at det kan byrje å brenne slik. Me veit ikkje noko om skadeomfanget på vår leilegheit, den kan vere skada av røyk og vatn om den ikkje har teke fyr, men det viktigaste er jo at liv og helse er i behald, seier han.

– Når du har ein son på ei veke så merkar du at livet er litt sårbart, seier han.

– Mindre flammar

– Det ser ut som store delar av toppetasjen er heilt overtent, sa NRK-medarbeidar, Bjørnar Hjellen, før i kveld.

– No har brannmannskapet begynt å sløkke brannen. Dei har tatt seg opp branntrappa, sa han.

Klokka 23.45 kunne han melde om at flammane var mindre enn før.

– Det brenn ikkje så kraftig lenger og eg kan sjå brannmenn oppå taket no, seier Bjørnar Hjellen.

– Så det ser ut som sløkkingsarbeidet har gitt resultat, seier han.

(Saka held fram)

brann grønland
Foto: Kjersti Kanestrøm Lie

Kontroll

– Brannvesenet har framleis fire røykdykkarteam inne i bygningen, og fortset også sløkking utanfrå, seier Ragnar Kvennodd.

– Det er fleire buer og ein leilegheit som er skadde av brannen, men ein må også rekne med store vasskade, seier Kvennodd.

Saka blir oppdatert.

Brann i Oslo

Brannen var synleg frå lang avstand.

Foto: Sveinung Hartberg