Hopp til innhold

EU-kontroll: Kvar fjerde bil hadde bremsefeil

Elbilar er spesielt utsette fordi bremsene knapt nok blir brukte.

EU-kontroll

Bilmekanikar Øyvind Aasen hos Vaterland Auto, seier at bremser er det dei oftast finn feil på under EU-kontrollar.

Foto: Stein Ove Korneliussen/NRK

Feil på bremser, lys og hjuloppheng er blant dei aller vanlegaste feila på norske bilar. Desse feila blir avdekte år etter år.

Meir enn kvar fjerde feil er knytt til bremser.

– Det kan vera for slitne bremseklossar og bremseskiver, rusa på bremseskiver eller bremserøyr, eller for svak bremseeffekt, seier Leif Magne Halvorsen i Statens vegvesen.

Nesten 1,5 millionar norske bilar var på EU-kontroll i fjor. 689.000 av desse måtte utbetra manglar før køyretøyet kunne bli godkjent.

Les også Eit titals bøtelagt for dårleg sikt: – Det er veldig alvorleg

Bil med snø på taket

Bremsar for lite

Øyvind Aasen er bilmekanikar hos Vaterland Auto i Fredrikstad. Han har EU-kontrollert bilar i mange år.

Aasen seier at fleire elbilar gjer at dei oftare enn før ser at bremsene rustar.

Rustne bremseskiver er ifølgje NAF eit problem på alle nye bilar. Elbilar er mest utsette fordi bremsene knapt nok blir brukte.

Øyvind Aasen foretar EU-kontroll.

Bilmekanikar Øyvind Aasen oppmodar elbileigarar til å bremsa meir.

Foto: Stein Ove Korneliussen/NRK

– Elbilen bremsar av seg sjølv når du slepper gassen. Det gjer at bremsene blir lite brukte, som fører til at bremseskivene rustar, fortel Aasen.

– Har du nokon gode råd for å unngå det?

Det blir å bruka bremsene aktivt litt innimellom, sånn at du kjenner at bilen bremsar kraftig ned. Då vil du få mindre rust på bremseskivene.

Rusten bremseskive

Overflaterusta på denne bremseskiva kan fjernast ved å bremsa hardt.

Foto: Stein Ove Korneliussen / NRK

Unødvendige lysfeil

Feil med lykter, refleksar og anna elektrisk utstyr er noko kontrollørane ser ofte.

– Feil med lys er i mange tilfelle unødvendig å oppdaga først på EU-kontrollen. Me oppmodar alle til å jamleg sjekka om lysa på bilen fungerer, seier Halvorsen.

Topp-tre-liste for feil

Type feil

Antall ikke godkjente

Andel ikke godkjente

Bremser

385.493

27 %

Lykter, reflekser og annet elektrisk utstyr

362.002

25 %

Aksler, dekk, hjul og hjuloppheng

310.321

21 %

Les også 88 vogntog fikk bruksforbud på grensa: – Et altfor høyt tall

Statens vegvesen

Er ingen garanti

Ein EU-kontroll er for å sjekke tryggleiken og miljøomsyn når bilen er inne. Den seier ikkje noko om behovet for reparasjon eller tryggleiken i framtida.

– Ein godkjend bil er godkjend der og då. Det betyr ikkje at det ikkje kan oppstå ein feil om ei veke eller om tre månader, seier seksjonsleiar Einar Eskilt i Statens vegvesen.

Einar Eskilt.

Einar Eskilt i Statens vegvesen meiner at det høge talet feil understrekar behovet for EU-kontrollar.

Foto: Statens vegvesen

Det blir ikkje gjennomført reparasjonar under ein EU-kontroll, og både Statens vegvesen og bilmekanikar Aasen meiner det er viktig å følgja opp med service og reparasjonar mellom EU-kontrollane.

– Me vurderer tilstanden her og no. Me kan ikkje setja opp feil som me trur kan bli eit framtidig problem, seier mekanikaren.

Les også Kjørte med pipende varsellampe fra Danmark: – Svært alvorlig

Et dashbord i et vogntog som viser feilmelding.

Positiv

Då NRK besøkte Vaterland Auto, kom Bjørn Winther Johansen innom for å henta bubilen sin, som hadde vore på EU-kontroll.

Verkstaden hadde ingenting å seia på bilen.

– Eg synest det er fint med EU-kontrollar. Då veit me at ting er sikkert og i orden. At det skjer annakvart år er passeleg, tenkjer eg.

Bjørn Winter Johansen bak rattet.

Verkstaden hadde ingenting å utsetja på bubilen til Bjørn Winther Johansen.

Foto: Stein Ove Korneliussen/NRK