ANONYM

Ho har godtatt dommen ho fekk. Den låge vårsola for eitt år sidan endra fleire liv.

Foto: Idar Hole Krogstad / NRK

Den låge sola

I den låge vårsola vart kvinna i byrjinga av 20-åra blenda på veg til jobb i bilen. Det skulle prege fleire liv for alltid.

Det var før påske i 2016 den unge kvinna sat i bilen på veg til jobb. Ho vil fortelje om det ho har opplevd, og det ho er dømt for, slik andre kan tenkje seg om i trafikken. Ho er tydeleg på at det ikkje er ho som er offeret i hendinga 21. mars i fjor.

Det var ingenting spesielt med den morgonen den unge kvinna sette seg i bilen. Ho seier ho ikkje var uvanleg trøtt. Blodprøvane som vart tatt seinare på dagen viste at ho ikkje var påverka av noko rusmiddel.
– Eg køyrde innom bensinstasjonen og fylte tanken. Så sette eg meg i bilen for å køyre på jobb, seier drammenskvinna.

Sola

Den låge vårsola blenda ei ung kvinne på veg i bil til jobb. Politipatruljen som kom til staden rett etter ulukka forklarte at sola var låg og skarp.

Foto: Idar Hole Krogstad / NRK

Sola var sterk og låg denne tidlege vårmorgonen, frå ein skyfri himmel. På strekninga frå bensinstasjonen var det på dette tidspunkt fleire fotgjengarovergangar rett etter kvarandre. Ho har køyrt strekninga i fleire år.

– Eg hugsar mest det som skjedde etterpå. Lyset var veldig skarpt, slik eg nesten ikkje kunne sjå. Eg hugsar at det smalt. At eg skjønte at noko alvorleg hadde skjedd.

– Visste du at det var ein fotgjengarovergang der?

– Eg skjønte det først etterpå. Ting gjekk så fort. Eg var full av adrenalin. Når ting roa seg, det var da eg fekk reaksjonen.

Drammen tinghus

I dommen frå Drammen tingrett står det at kvinna køyrde for fort etter forholda, sjølv om ho truleg køyrde saktare enn fartsgrensa. Ho burde bremsa ned då ho vart blenda av sola.

Foto: Knut Skyllingstad / NRK

I rettspapira frå Drammen Tingrett går det fram at drammenskvinna fekk sola rett i andletet. Ho strekte seg opp i setet for å få betre sikt i skuggen frå taket. Ho bremsa ikkje opp då ho mista sikten.

Ei 38 år gamal kvinne er på veg til jobb. Ho går over gangfeltet i det bilen kjem. Eit vitne som ser heile hendinga seier at ho går i vanleg gangfart og ser seg ikkje til sida.

Den unge drammenskvinna går ut av bilen etter smellet.

– Eg ser ei kvinne ligge der. Ein mann står og roper: "Kva er det som har skjedd?"

Naudetatane kjem til staden. Kvinna som er påkøyrt er medvitslaus og vaknar aldri meir. Dagen etter døyr ho på Ullevål universitetssykehus av skadane ho fekk i påkøyrselen.

Ulykke Drammen

21. mars 2016 vart ei 38 år gamal kvinne påkøyrt i eit fotgjengarfelt. Ho døde av skadane dagen etter.

Foto: Reidar Folkedal / Presse30.no

Aktlaust bildrap

Politiinspektør Anne Maria Haarr førte saka mot den unge kvinna i Drammen tingrett:

– Bilen kan vere eit særs farleg våpen. Under rekonstruksjonen på åstaden køyrde ein politimann bilen i 30–35 km/t forbi fotgjengarfeltet. Vi såg alle kva slags kraft den ville treft eit menneske med.

Anne Maria Haarr

Politiinspektør Anne Maria Haarr seier bilen kan vere eit særs farleg våpen. Ho seier det ikkje er naudsynt å vere grovt aktlaus for å bli dømt i retten.

Foto: Knut- Øyvind Hagen

Før innføringa av den nye straffeloven i 2015, blei det diskutert om det burde krevjast grov aktløyse for å bli dømt for bildrap, men stortinget valde å halde seg til det eksisterande kravet om aktløyse.

For å bli dømt for aktlaust drap i trafikken må det som føresegna heiter vere klar aktløyse til stades. I denne saka blir den dømte kvinna blenda av låg sol og køyrer relativt sakte, men ho har køyrt strekninga mange gonger og veit at det er to fotgjengarfelt der. Ho bremser ikkje ved desse fotgjengarfelta, sjølv om ho blir blenda av sola. Då meiner vi at dette er klart aktlaust.

Havnegata i Drammen, om lag klokka 07.15

– Da gjekk det i svart. Eg skreik og fekk anfall. Det var vanskeleg å skjøne alvoret, seier den unge kvinna.

Bilføraren er tidleg i 20-åra. Ho er no dømt til 30 dagars fengselsstraff, tap av føreretten i fleire år og må betale erstatning til den unge sonen til 38-åringen som døde.

– Rettssaka var tøff. Det hadde gått eit år frå det skjedde. Eg forsøkte å komme i gang med livet, og så måtte eg oppleve alt saman på ny. Men det var på ein måte godt og.

Den unge bilføraren er ikkje i jobb lenger. Ho fekk oppfølging av kriseteam og får framleis jamleg oppfølging. Ho går på medisinar for å få sove.

– Eg har ikkje mareritt på same måten meir.

– Det heiter at du aktlaust har skuld ein annans død. Klarer du å ta det innover deg?

– Ja og nei. I kvardagen er det av og til at "dette ikkje er meg". Så har eg dagar der eg får angst og alt raknar. Slik går det fram og tilbake.

Havnegata

Fotgjengarfeltet kor påkøyrselen skjedde vart fjerna etter ulukka. Statens vegvesen uttalte i retten at dei vurderte å fjerne gangfeltet eit halvt år før ulukka skjedde, fordi bilførarar kunne bli overraska over to gangfelt så nært inntil kvarandre. Biletet er tatt frå det første gangfeltet.

Foto: Idar Hole Krogstad / NRK

Fleire hundre dømt for aktlaust drap

Frå 2000 til og med 2015 var det fleire enn 680 personar som vart etterforska eller tiltalte for uaktsamt drap eller å aktlaust ha skuld i at nokon har døydd, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Etter 2015 inngår såkalla bildrap i kategorien "uaktsom forvoldelse

Alf Petter Høgberg

Professor i jus ved Universitetet i Oslo, Alf Petter Høgberg, seier det er viktig å skilje mellom det aktlause og det forsettlege drapet. Men at å bli knytt til drap uansett er belastande.

Foto: UiO

av død".

Med fengsel inntil 6 år straffes den som uaktsomt forvolder en annens død.

Å i det heile knytte omgrepet "drap" til det som er ei ulukke i ei eller anna form, har altså vore diskutert i Stortinget. Drammenskvinna som fortel historia si her, er blant mange som får drap knytt til seg resten av livet.

Professor i jus ved Universitetet i Oslo, Alf Petter Høgberg, seier drapsomgrepet er belastande.

– Det er diskutert å avkriminalisere aktlause drap i heilskap fordi det er så belastande å bli knytt til drap. Ofte er det og familietragediar bak ulukker. Likevel falt ein ned på at med så mange som er aktlause i trafikken – så bør det vere betydeleg straff for dette. Blant anna alle som køyrer for nært syklistar, med dødeleg utfall. Dei meiner kanskje ikkje noko vondt med det, men det kan få store konsekvensar.

– Men er dette drap?

– I jussen skil vi mellom det aktlause og det forsettlege drapet. Det er den siste kategorien som er knytt til at nokon ønska å ta livet av andre, og knytt til vald, seier Høgberg.

– Berre offer i denne saka

NRK har informert pårørande, gjennom bistandsadvokaten Knut Austad, om at denne saka blir skrive. Bistandsadvokaten seier at saka berre har ofre, men at sonen til kvinna som døde, som no er ein ung mann, budde hos mora og slit med å kome vidare. Sonen synest det er rart at erstatninga vart 125 000 kroner – for eit liv som er borte.

Den unge kvinna, som er dømt for å ha skuld i ein annans død, har godtatt straffa.

– Etterpå, føler eg at eg kunne gjort noko annleis den morgonen. Eg burde stoppa bilen då eg vart blenda.

– Er det greitt at du er dømt og får straff for dette?

– Ja, det sit igjen ein familie der. Sonen er på min alder. Det er rett at han skal føle at det blir rettvist. Det er ein dom eg kan leve med.

Ho veit ikkje om andre kan lære av det som skjedde morgonen 21. mars 2016. Ho håper at ho ein dag tør køyre bil att. Før det skal ho sone straffa.

– Eg har blitt verdas verste passasjer etter ulukka. Eg får panikk når andre brukar mobiltelefonen når dei køyrer, sjølv om eg ikkje gjorde det sjølv. Eg har lært alvoret i det å køyre bil. Eg gruar meg til å sitte med alt det ansvaret ein dag.

ANONYM
Foto: Idar Hole Krogstad / NRK