Hopp til innhold

Her dundrar byferjene forbi Hvaldimir i Glomma

Kvitkvalen har svømt inn mellom ferjer og småbåtar i Noregs største elv. No fryktar kvalens vener at han skal lide same skjebne som kvalrossen Freya i fjor.

Onsdag føremiddag blei Hvaldimir observert i Glomma i Fredrikstad sentrum. Kvalen svømde rundt byferjene med fleire tilskodarar.

Byferjene i Fredrikstad kjører forbi Hvaldimir som ligger i Glomma.

Her leikar Hvaldimir like ved ei av byferjene på Glomma.

Foto: Christian Nicolai Bjørke/NRK

Mange møtte opp for å sjå kvalen. Blant dei er Line Johansen som tilfeldig fekk auge på kvalen.

– Det var veldig gøy å sjå den. Eg håper berre folk lar den vere i fred og ikkje følger etter med båt eller sym etter den. Det er eit dyr som skal vere i fred, seier Johansen.

Hvaldimir i Glomma i Fredrikstad sentrum

Team Hvaldimir i One Whale held auge med Hvaldimir i Fredrikstad onsdag ettermiddag.

Foto: Rune Fredriksen / NRK

Fredrikstad kommune er kjend med at kvalen er i Glomma, men seier til NRK at det er Fiskeridirektoratet som har ansvar for å følgje med på han. Direktoratet har fått fleire meldingar som gjer stor uro om velferda til Hvaldimir.

Meldingane går ut på bading med kvalen og mykje båttrafikk rundt han. Det skriv direktoratet på si heimeside.

No ber dei folk halde seg unna kvalen og la han vere i fred.

Fryktar for skjebnen til kvalen

Den siste tida har kvitkvalen Hvaldimir dukka opp i fleire videoar i området rundt Hvaler.

No fryktar miljøet rundt han at kvalen kan få same skjebne som kvalrossen Freya, som blei avliva i fjor.

– Alle er jo bekymra for at me skal få same situasjon som med Freya, seier frivillig i One Whale, Inge Wegge.

Team Hvaldimir i One Whale held seg rundt kvalen når han kjem til ein plass med menneske.

Belugaen er veldig populær, og mange tek turen for å sjå den leikne kvalen.

Hvaldimir

Hvaldimir er ein kval av typen kvitkval. Vaksne kvitkvalar blir frå 3,5 til 5,5 meter lange og kan vege opptil 1500 kilo.

Foto: Geir Uppstad

– Det er berre ein idiot som skal til for at noko kjipt skal skje, seier Wegge.

Hvaldimir blei først sett i Måsøy kommune i april 2019. Då hadde kvalen truleg rømt frå teneste hos den russiske marinen.

Han har sidan reist langs norskekysten.

– Ikkje farleg

Rune Aae blei i fjor kjend som kvalross-entusiast. Han er biolog og understrekar at Hvaldimir ikkje er farleg.

– Det er ingen aggresjon, og han har ikkje tenner igjen.

Skilnaden mellom dei to dyra er at Hvaldimir ikkje skal opp på land, seier Aae.

Test av Rune Aae

Rune Aae seier kvalen ikkje er farleg, men at ein må ha respekt for ville dyr.

Foto: Sindre Tønnes

– Det var det som skapte problem med Freya. For ho ville opp på land og i båtar. Ho øydela mykje, og det gjer ikkje Hvaldimir.

– Han er snill med folk, men ville dyr skal ein ha respekt for.

Skade frå båtar

Det største problemet er propellar og fiskeutstyr som han kan setje seg fast i.

Wegge i One Whale seier at Hvaldimir har hatt fleire sår. Han skal også ha blitt påkøyrt av båtar, men det er ikkje berre båtar som kan true kvalen.

– Det er veldig lite mat her. Eg såg han fekk litt mat i går, men han har gått ned ganske mykje i vekt. No jobbar me med myndigheitene for å hjelpe han til ein stad med meir mat.

Det endelege målet er å få han nordover, og helst så langt nord som til Svalbard.