Hopp til innhold

Bystyret i Drammen godkjente valet

Eit einstemmig bystyret i Drammen godkjende tysdag ettermiddag valet.

Bystyret i Drammen vart tysdag ettermiddag konstituert. Eit av spørsmåla bystyret skulle ta stilling til var om valet skulle godkjennast.

Skuldingar om valfusk.

Den siste veka har vore prega av skuldingar om at Arbeidarpartiet skulle har kjøpt stemmer ved kommunevalet.

Tysdag førre veke kunne NRK Østafjells fortelje at personar i byens rusmiljø hadde blitt tilbydt pengar for å stemme på ferdig kumulerte stemmesedlar.

Politietterforsking

Politiet i Drammen sette i gong etterforsking. Og fredag ettermiddag kunne politistasjonssjef ved Drammen Politistasjon, Jan Erik Strøm orientere valstyrets leiar, Tore Opdal Hansen at etterforskinga hadde stadfesta at det hadde vore valfusk i Drammen.

Laurdag vart ein person sikta i saka.

Godkjente valet

Måndag denne veka godkjente eit einstemmig valstyret i Drammen å godkjenne valet.

 

Flere nyheter fra NRK Buskerud