Brannkonstabel blant dei sakna etter brann

Det er ein familie på fire som er sakna etter brannen i Svelvik natt til måndag. Ein av dei jobbar i det lokale brannvesenet.

Brann Svelvik

Huset er totalskadd etter brannen.

Foto: Tina Brock / NRK

Ein familie som er folkeregistrert på adressa er framleis ikkje gjort greie for. Politiet fryktar at familien på fire har omkomme.

Torgeir Andersen

Brannsjef Torgeir Andersen har sett krisestab etter brannen.

Foto: DRBV

Alle pårørande skal vere varsla.

Brannsjef Torgeir Andersen i Drammensregionens brannvesen IKS bekreftar at ein av dei sakna jobbar hjå dei.

– No skal me samlast på brannstasjonen i Drammen, me treng å vere saman, seier Andersen.

Brannvesenet har sett krisestab.

– Ikkje håp om at nokon har overlevd

Politiet stadfestar at ein familie på to vaksne og to mindreårige barn er frykta omkomme.

Øyvind Aas

Politistasjonssjef Øyvind Aas seier at kriseteamet i Drammen kommune følgjer opp dei pårørande.

Foto: Torgny Alstad / Politiet

Slik det ser ut er det dessverre ikkje noko håp om at nokon har overlevd brannen, seier politistasjonssjef ved Drammen politistasjon, Øyvind Aas.

Han seier til NRK at det ikkje har vore mogleg å gjere undersøkingar, fordi det er for varmt på branntomta.

– Me tek oss inn på branntomta når det er forsvarleg. Eg tør ikkje si når det kan skje, seier Aas.

Ifølgje politiet i Søraust vart det meldt om flammar ut av vindauge i første etasje.

Brann Svelvik

Det var stor røykutvikling frå brannen i natt.

Foto: Hans-Kristian Rangnes / NRK

Ikkje mogleg å gå inn i huset

Brannen i det eldre trehuset på to etasjar vart meldt klokka 02.27. Huset ligg på Berger i Svelvik, heilt sør i nye Drammen kommune.

– Situasjonen no er at brannvesenet driv med ettersløkking. Politiet jobbar med å varsle pårørande til dei fire som bur i huset. Personane er ikkje gjort greie for. Me har prøvd å komme i kontakt med dei, men det har me ikkje lykkast med, fortel operasjonsleiar Jan Kristian Johnsrud i Søraust politidistrikt til NRK klokka 06.30.

Dei første som kom på staden var lokalt frivillig brannvesen. Innan brannfolk og røykdykkarar frå Drammen kom til, var det ikkje mogeleg å gå inn i huset.

– Det var ein kraftig brann som gjorde at røykdykkarar ikkje kunne ta seg inn i huset, seier Johnsrud.

Politiet heises opp for å få oversikt over brannstedet i Svelvik.

Måndag ettermiddag blei politiet heist opp av stigebilen til brannvesenet, slik at dei kan få oversikt over brannstaden.

Foto: Tina Brock / NRK

Kriseteam varsla

Drammen kommune har varsla kriseteamet om hendinga i 05-tida. Sokneprest Audhild Kaarstad fortel at staben i Svelvik er i beredskap.

Audhild Kaarstad

Kyrkja er klare for å ta imot folk, fortel sokneprest Audhild Kaarstad i Svelvik.

Foto: Henning Hope Rønhovde / NRK

– Me varmar opp kyrkja og er klare for å ta imot folk om det blir behov for det. Oppgåva mi blir å vere til stade, prate med dei som vil prate og gråte med dei som græt. Ord blir fattige og ein er i sjokk. Fyrst må me hjelpe folk med enkle ting som å hugse på å ete, seier Kaarstad.

Svelvik er eit lite lokalsamfunn med nokon tusen innbyggarar.

– Dette er ei frykteleg hending. Ein heil lokalbefolkning er i sjokk rett før jul. Det er veldig tøft. Eg tenker det viktigaste er å stå saman i det og hjelpe kvarandre.

Skjermdump frå Facebook 11:52.

Brannvesenet er i sorg etter hendinga i Svelvik. Skjermdump frå Facebook 11:36.

Foto: Skjermdump, Facebook

Lokalsamfunnet i sorg

Det vesle lokalsamfunnet er i sjokk og sorg etter brannen. Ved den lokale skulen har enkelte av borna vorte henta av foreldra. Ifølgje NRKs reporter på staden er borna tydeleg prega av den tragiske hendinga.

Rektoren ved skulen seier at dei råka klassene får oppfølging.

Elles går skoledagen som vanleg.

Tømmerås skole, Svelvik.

Elevar ved den lokale skulen blir teke hand om.

Foto: Henning Hope Rønhovde / NRK

Kriseteam i Drammen kommune er varsla, meldte politiet klokka 0515.

Monica Myrvold Berg

Ordførar Monica Myrvold Berg i Drammen seier at kommunen vil hjelpe til der det er behov utover dagen.

Foto: Azad Razaei / NRK

Ordførar Monica Myrvold Berg (Ap) i Drammen er oppteken av at brannen har skjedd på ein liten stad.

– Svelvik og Berger er eit lite lokalsamfunn der alle kjenner alle, så det er viktig å ta vare på alle som har behov for det.