Hopp til innhold

Rekordmange påmelde til barnetoget i Oslo

Det er tre år sidan barnetoget marsjerte opp Karl Johan. I år tek 30.000 ungar til gatene.

maispesialen

Det kan bli endå fleire i Karl Johans gate på 17. mai i år.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix

– Eg gler meg til å gå først i toget og til å ete is!

Etter to år med korona er Ida Sarre Jensen (9) klar for ei skikkeleg 17.-mai-feiring.

Ida Sarre Jensen i Høybråten Skoles Musikkorps

Ida gler seg til både tog og is.

Foto: Live Marie Hagen Wold / NRK

Ho øver med klarinetten sin. Skulen hennar Høybråten er nemleg 100 år, og får difor lov til å gå først i barnetoget.

– Før eg gjekk i korpset likte eg å sjå på dei, men no blir det morosamt å gå med dei. Eg trur det blir veldig gøy og litt skummelt.

Og det er Ida Sarre Jensen ikkje åleine om.

Rekordpåmelding

Aldri har det vore fleire som skal gå i barnetoget i Oslo. Heile 130 skular har meldt seg, med om lag 30.000 barn til saman. Forrige rekord var 123 skular i 2017.

Fremste person passar på oppstilling i Høybråten korps

Ein må øve når ein skal stå fremst i toget.

Fløytespilleren spiller i noter.

Det er mange instrument som må ha oversikt over kva dei skal spele, frå fløytespelarar...

En gutt spiller fransk horn i Høybråten korps

...til valthorn.

Marianne Borgen snakker til Høybråten skolekorps

Og ordføraren inviterer alle saman til Rådhuset, etter at dei er ferdige med å marsjere i toget.

Leiar i 17.-mai-komiteen, Anna Dåsnes (V), gler seg til å endeleg kunne ynskje velkomen tilbake til ein skikkeleg nasjonaldag.

– Det blir heilt fantastisk! Endeleg kan vi ha ein normal 17. mai, seier ho.

Anna Dåsen foran Høybråten skolekorps

Anna Dåsnes er klar for å ta att både feiring og eting av is på 17. mai.

Foto: Live marie Hagen Wold / NRK

Ho har teke seg turen for å høyre korpset på Høybråten som girar opp til feiringa.

– Eg gler meg utruleg mykje til å høyre korpsmusikk og sjå glade ungar som feirar fred, fridom og demokrati.

Dåsnes seier at det blir ei tradisjonsrik feiring, med nedlegging av krans på forskjellige gravstader og statuar, barnetog, og festkonsert seinare på dagen.

Det er fleire som høyrer til i ei 17. mai feiring Det har skjedd noe med russen i Oslo

Marie Glimstad utenfor Hausmania

Ei feiring av demokratiet

Ordførar Marianne Borgen (SV) er også gira på å endeleg få gå i 17.-mai-toget.

– Eg trur det blir ei stor oppleving, spesielt for barna som ikkje har fått gått i 17.-mai-tog på grunn av pandemien.

Marianne Borgen foran Høybråten Skolekorps

Marianne Borgen gler seg til å feire ein normal nasjonaldag igjen.

Foto: Live Marie Hagen Wold / NRK

Borgen er ekstra oppteken av at dei no har fått normalisert mykje av tilstanden i byen, sjølv om det enno er ei uvanleg tid.

– Det å ha 30.000 ungar som feirar demokratiet vårt, fred og samhald er jo ekstra viktig no når mange opplever utryggleik på grunn av krig og konflikt.

Og ho har ein viktig beskjed:

– Det er ingen grenser for kor mange is barna kan ete på 17. mai.

Det er i alle fall Ida Sarre Jensen glad for.

– Eg skal ete fem is, kanskje ti!

Høybråten Skoles Musikkorps marsjerer.

Når ein går først i toget, må ein øve skikkeleg. Høybråten Skoles Musikkorps gjer seg klare til 17. mai.

Foto: Live Marie hagen Wold / NRK