Hopp til innhold

Slik finn du ut av dekninga

Dekninga for NRKs radiokanalar og dei kommersielle radiokanalane er ikkje lik. På dekningskartet ser du korleis dekninga er for dei ulike kanalane.

Kanallogoer

Med DAB+ får du inntil 31 riksdekkande kanalar.

Foto: Marit Holmquist Fenne

Sjekk dekningskartet

På dekningskartet kan du velje mellom innstillingar som viser dekninga for tre ulike DAB-nett:

1) NRKs nett, med 15 NRK-kanalar (inkludert tenestene NRK Trafikk og NRK Vær)
2) Riks, som er DAB-nettet til Bauer (Radio Norge) og NENT Group (P4-gruppen). Dei har 16 kanalar til saman.
3) Lokal, som er DAB-nett til lokale radiostasjonar (nærradio).

NRKs nett dekker minst 99,7 prosent av befolkninga, mens det kommersielle nettet dekker 92,8 prosent. Det betyr at det kan vere område der du berre får inn NRKs kanalar.

Samanstilling av dekningskartet for NRK-nettet og Riks-nettet.

Dekningskartet for NRK-nettet og Riks: Røldal sør-aust i Hordaland er eit område der NRK har dekning, men ikkje dei kommersielle.

Les også: NRKs DAB-sendernett

NRKs kanalar har betre dekning enn dei kommersielle kanalane, fordi NRK har satt opp fleire DAB-sendarar.

Dekningskartet har også innstillingar for signalstyrke: «Meget god dekning», «god dekning» og «basisdekning». Basisdekning inneber at det kan vere nødvendig med utvendig antenne.