Hopp til innhold
Info fra NRK

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu – julespesial 2019

UKE 52 NRK1 onsdag 25. desember kl. 21.25. NRK TV søndag 22. desember.

Tor Evert Johansen drøymer om ein varm og musefri gard innan jul.

Tor Evert Johansen, "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu – julespesial 2019"

KOSELEG. Tor Evert pyntar juletreet med heimelaga julepynt.

Foto: NRK

Tor Evert Johansen har teke på seg ei nærast umogleg oppgåve. Høgdegarden Øvre Brekkebakkadn har stått fråflytt i fleire tiår og er ikkje rekna som ein stad det går an å bu. Her skal han byggje framtida si, men i første omgang drøymer han berre om eitt varmt og musefritt rom innan jul. Det kan bli vanskeleg nok.

Tor Evert med julestjerna han har laga av eit sykkelkrank

HEIMESNEKRA. Julestjerna har Tor Evert laga av ein sykkelkrank.

Foto: NRK