Hopp til innhold

Ventar auka arbeidsløyse

- Snart kjem novembertala for utviklinga i arbeidsløysa. Då må vi vere førebudde på høgare tal, sa statsminister Jens Stoltenberg på kartellkonferansen til LO Stat på Gol i dag.

Statsminister Jens Stoltenberg
Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

- Det er ingen tvil om at vi står overfor eit sterkt internasjonalt tilbakeslag, sa Stoltenberg, og viste til fleire overslag som i det siste er gjort over utviklinga i økonomien i Europa og andre stader.

- Var det ein feil ein gjorde under krisa på 1930-talet, var det at ein venta med å handle, sa Stoltberg. Han understreka at dette ikkje må skje igjen.

Statsministeren viste til den nye krisepakken som finansminister Kristin Halvorsen presenterte tidlegare i dag.

LES: Varslar ny krisepakke

Tiltaka inneber ei endå sterkare opptrapping av løyvingane til offenteige bygg og anlegg, og til vedlikehaldsprosjekt.

For regjeringa er det også avgjerande at bankane fungerer normalt og at renta blir sett ned, framheva statsministeren.

Stoltenberg sa at kampen for å tryggje arbeidsplassane er jobb nummer ein. Derfor blir den internasjonale finanskrisa møtt med mange ulike tiltak og verkemidlar.

Han meinte særleg tre faktorar gjer oss i stand til å takle krisa betre enn dei fleste andre land.

For det første er det at vi har eit utgangspunkt med låg arbeidsløyse, for det andre at vi har større økonomiske reservar og for det tredje eit betre samarbeid med fagrørsla.