Hopp til innhold

Varslar ny krisepakke

Finansminister Kristin Halvorsen varslar ein ny finanspolitisk tiltakspakke tidleg neste år.

Kristin Halvorsen
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Tiltaka skal vere mellombelse og kunne endrast ut frå utviklinga på arbeidsmarknaden.

Dei skal leggjast fram i månadsskiftet januar-februar neste år.

Som grunnlag for arbeidet med pakken skal regjeringa utarbeide nye overslag for utviklinga i norsk økonomi.

Detaljane ikkje på plass

Det konkrete innhaldet og detaljane i tiltakspakken er ikkje på plass enno, opplyser Halvorsen.

Men ho seier at det blir meir av det same som alt ligg i statsbudsjettet. Dette gjeld særleg vedlikehald av offentlege bygningar og andre tiltak innanfor offentleg sektor.

Halvorsen utelukkar heller ikkje skattelette, men meiner det blir ein betre effekt av måleretta offentlege tiltak og meir pengar til kommunane.

Kristin Halvorsen presenterer ny krisepakke
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

VIDEO: Her presenterer Kristin Halvorsen krisepakka

Finansministeren sende i dag eit brev til leiar av finanskomiteen Reidar Sandal (Ap) der ho varslar den nye pakken.

I morgon er det finansdebatt i Stortinget der statsbudsjettet skal diskuterast.

Avgrense arbeidsløysa

- Målet med den finanspolitiske pakken er å dempe utslaga i Noreg av den internasjonale finanskrisa. Tiltaka vil bli retta mot å avgrense arbeidsløysa, seier Halvorsen i ei pressemelding.

Tiltaka skal understøtte pengepolitikken, for at også ei lågare rente skal kunne stimulere økonomien.

Halvorsen understrekar at det i budsjettforslaget som no blir behandla i Stortinget, ligg mange forslag som aukar aktiviteten innanfor bygg og anlegg.

Det vil vere aktuelt å forsterke desse tiltaka, samstundes som regjeringa også vil vurdere tiltak som å setje i verk ekstraordinært vedlikehaldsarbeid.

Beredskap

Halvorsen seier at dei parallelt med budsjettbehandlinga har hatt ein beredskap for nye tiltak, men at dei ikkje har ønskt å fastsetje omfanget av den nye pakken enno.

- Vi vil ha eit betre grunnlag for arbeidet med tiltaka når vi får betre kunnskap om korleis nye tiltak i Noreg og andre land verkar, seier ho.