Hopp til innhold

StatoilHydro blant verdas største

I dag er fusjonen mellom Statoil og Hydro olje og gass eit faktum. Børsverdien på Noregs største selskap blir på heile 528 milliardar kroner, skriv oljekommentator Harald Bøe.

Eivind Reiten og Helge Lund
Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Dette plasserer StatoilHydro blant dei 50 største børsnoterte selskap i verda og som eit av verdas ti største oljeselskap.

Samanliknar vi marknsdasverdien av Statoil Hydro med dei store internasjonale slekapa, så ser vi at vårt nasjonale oljeselskap blir ein del mindre enn til dømes ExxonMobil som har ein marknadsverdi fire gonger større enn StatoilHydro.

Derimot er verdien av BP og Shell berre to gonger større enn Statoil Hydro, og selskapet er mest jamstort med italienske ENI (tidlegare Agip),amerikanske ConocoPhillips og brasilianske Petrobras.

Olje og gassproduksjon.

Nye StatoilHydro blir ein av verdas største produsentar av olje og gass. Reknar vi gassen om til olje, blir den samla produksjonen heile 1,7 millionar fat olje om dagen.

Dette plasserer Statoil Hydro bland dei 10 største i oljeselskapa i verda.

Aktivitet i 40 land og 31.000 tilsette

Det nye selskapet har idag aktivitet og kontor i 40 land. Dei viktigaste områda, der det nye selskapet satsar, er Nord-Afrika, Vest-Afrika, Mexicogolfen og Kaspihavet.

Den største satsinga vil likevel Statoil Hydro framleis ha på norsk sokkel, i Nordsjøen, i Norskehavet og i Barentshavet.

På norsk sokkel har det nye selskapet heile 80 prosent av alle operatørskapa, og er den største og den dominerande eigaren.

Kva er StatoilHydro gode på?

StatoilHydro blir verda største operatør på dei store havdjup, og selskapet er idag verdsleiande på djupvassteknologi.

Det er på dei store havdjup vi idag ser den mest interssante leiteaktiviteten etter olje og gass (eks. Mexicogolfen, Norskehavet)

Ingen andre oljeselskap i verda er i dag komne så langt som det norske oljeselskapet i fangst og lagring av klimagassen CO2.

Planane og gjennomføringa av CO2-fangst på Mongstad, er eit pilotprosjekt som kan få enorm betydning for framtidas handtering av CO2.

Utfordringar

Den største utfordringa til nye StatoilHydro, og til alle andre oljeselskap, er utan tvil handtering av miljøproblema. Bruk av fossile brensel (kol, olje og gass) er den viktigaste årsaka til dei veksande klimaproblema vi nå ser.

Difor blir det viktig for det nye selskapet å halda fram med intens forsking på fangst og lagring av CO2. Idag er det mange som meiner at StatoilHydro er i front når det gjeld miljøforsking og konkrete tiltak for sikker deponering av klimagassar.

Det blir spennande å sjå kor mykje det nyfusjonerte selskapet vil satsa på fornybar energi. Det blir ei enorm utfordring i tida som kjem.

Fusjonen er vekstdriven

StatoilHydro har nå skipa eit nytt forretningsområde for fornybar energi. Det står att å sjå kor stor satsinga blir på dette området.

Då fusjonsplanen blei kjend 18. desember i fjor, blei det understreka av Helge Lund og Eivind Reiten at fusjonen skulle føra til auka satsing på oljeaktivitet i utlandet.

Vi ser at fusjonen er vekstdriven, og at det nye selskapet har til disposisjon fleire dyktige medarbeidarar enn då dei var to selskap som konkurrerte med kvarandre. Likevel trur vi at vekst blir vanskeleg.

Eit problem i eit lite land?

Sidan fusjonen blei kjend 18. desember, har vi sett ei aukande interesse i oljelanda til å verna om sine ressursar, det er det vi kan kalla ressursnasjonalisme.

Men, som eit "statleg" oljeselskap bør Statoil Hydro ha gode føresetnader for kommunikasjon med andre nasjonale oljeselskap ute i verda. ( Staten eig idag 62,5 prosent av Statoil Hydro, og har uttalt at Staten bør kjøpa seg opp til 70 prosent i selskapet).

Utviklinga vil visa om eit så stort selskap som Statoil Hydro blir eit problem i eit lite land, eit demokratisk problem - eller eit konkurranseproblem i vår viktigaste næring.