Dette fortel skattelistene:
«Nettoinntekt»
Inntekta som blir oppgjeve i skattelistene er skattbar inntekt. Det vil seie det du tener gjennom jobben pluss eventuelle kapitalinntekter (til dømes renteinntekter) og kapitalgevinster (til dømes ved sal av aksjar) minus frådrag.
Sjølv om du har tent godt kan nettoinntekta være null. Forklaringa er store frådrag - til dømes høge renter på gjeld eller frådrag fordi du har tapt pengar på aksjar.
«Nettoformue»
Dette er formuen (alle eigedelar) til den personen, minus gjelda.
Nettoformue er ikkje det same som pengar i banken. Det kan være verdien av eigedomar og eigardelar i bedrifter. Normalt er likningsformuen som kjem fram i skattelistene lågare enn dei verkelege verdiane.
Døme:
Hvis ein eig ein bustad som er verdt ein million kroner og har 500 000 kroner i gjeld, er den verkelege formuen 500 000 kroner. I dette tilfellet vil likningsformuen likevel vise null.
Forklaringa er at bustadar maksimalt har ein likningsverdi på 30 prosent av verkeleg verdi, det vil seie 300 000 kroner.
Når gjelda er større enn likningsformuen, blir nettoformuen satt til null.
Utlikna skatt
Dette er den totale skatten den einskilde skatteytar skal betale. Talet inkluderer trygdeavgift, toppskatt, eventuell skatt på utbytte frå aksjeselskaper og skatt til stat og kommune.
Det er ikke mogeleg å reservere seg mot å stå i skattelista. Dette gjeld både skattelista som blir lagt ut på
, skattelista som blir lagt ut på likningskontora og skattelista som blir distribuert til media.