Slik gjer du kreative søk i skattelistene

Vil du ha meir ut av skattelistene enn berre ei rad med namn og tal, finn du gode tips her til kreative søk.

I 2007-utgåva av NRKs skattelistesøk kan du søkje etter både privatpersonar og firma (aksjeselskap) som skatter til Noreg.

Enkelt søk i skattelista

I NRKs skattelistesøk kan du søkje på førenamn, etternamn, fylke, kommune og alder. I avansert søk har du fleire moglegheiter.

I perioder med ekstra stor pågang, kan det hende at vi må avgrense søkjet ved å krevje at fleire av felta blir fylt ut - til dømes både førenamn og etternamn.

For deg med kort etternamn

Dersom du berre søkjer i etternamn-feltet, må du fylle ut minst tre teikn. Dersom etternamnet ditt er kortare enn tre teikn, må du òg fylle ut eitt av dei andre felta. Det held då at du til dømes fyller ut «Alder frå»-feltet med eit eitt-tal.

Mellomnamn blir rekna som førenamn. Om du leitar etter ein person som heiter «Ola Skatt Nordmann», skriv du «Ola Skatt» i feltet for førenamn, og «Nordmann» i feltet for etternamn. Pass på at du stavar førenamnet og etternamnet rett.

Hugs at mange kan heite det same i kvar kommune. Difor finn du lettare den du søkjer, dersom du fyller inn alder/fødeår.

Rekkefølgje

Under knappen «Sortering» på søkjesiden får du opp fleire val.

Utgangspunktet er at søkjet blir sortert på etternamn. Dette kan du endre slik at resultata i staden blir sortert etter:

  • Førenamn
  • Inntekt
  • Formue
  • Skatt
  • Fødeår
  • Postnummer

Resultata kjem i synkande rekkefølgje. Ved å trykke inn knappen «Stigande», snur du på lista.

Hugs: Jo meir presise søk du lagar, desto lettare er det å finne den eller dei du søkjer etter.

Dei mest presise søkja kan du gjere under «Avansert søk».

Avansert søk i skattelista

I det avanserte søkjet kan du søkje på fleire måtar. Det er lurt å spesifisere søkjet om du vil ha relevante treff frå skattelista.

Du finn lenkje til eit meir omfattande/presist søk ved sidan av søkjeknappen i det enkle søkjet (sjå bl.a. lenke til «Avansert søk»). Fleire søkjefelt dukker opp. Her kan du søkje på postnummer, poststad, fødeår, alders- og inntektsintervall. Det er mogeleg å fylle ut berre eitt av desse intervall-felta, til dømes «frå».

«Fødeår»

Veit du nøyaktig når personen du søkjer etter er fødd, kan du leggje inn fødeår direkte, i staden for å oppgje eit intervall.

Du kan til dømes søkje på alle i kommunen med same fødeår som deg. Der finn du truleg mange av klassekameratane dine. Vaks du opp i ein stor kommune, kan du finmaske søkjet ditt ved å nytte postnummer-feltet.

«Postnummer»

Ved å fylle ut postnummer direkte kan du til dømes finne ut kven som tener mest, eller har den største formuen der du bur.

«Inntekt frå - til»

Her kan du leggje inn inntektsintervall. Søkjet blir då gjort blant personar som har ei inntekt som liggjer innafor intervallet. Det held at eitt av intervall-felta blir fyllt ut.

Dette kan til dømes nyttast til følgjande søk:

Kven i nabolaget mitt er fødd i same år som meg, og kva tener dei? Då vel du fødeår, skriv inn postnummer, og trykkjer «Søk». Du vil då få ei resultatliste som viser dei på postnummeret ditt som er fødd same året som deg - og sjølvsagt skatteopplysningane.

Kreative søkjetips

Hugs: Du kan søkje i mange kombinasjonar med avansert søk.

Kva tener til dømes andre med same førenamn som deg? Du kan og søkje opp "halve slekta" på etternamn, og sjå kva for ein onkel det vil løne seg å ha eit godt forhold til. Og så kan du kanskje oppdage at nokon i familien kan trenge ei ekstra fin julegåve i år?

Kva med å søkje opp gamle klassekameratar? Det er jo ikkje sikkert at det er skulelyset som har gjort det best i ettertid.

Søk etter firma

I NRK sitt skattelistesøk for 2007, kan du også søkje blant norske foretak (aksjeselskap) som skattar til Noreg.

Du må anten oppgje namnet til firmaet du søkjer etter, eller søkje på foretaksnummer (organisasjonsnummer).

Kjenner du firmaet sitt organisasjonsnummer, kan du legge inn det direkte. Organisasjonsnumra finn du i Brønnøysundregistra. www.brreg.no .

Nokre namn manglar

Skattelistene inneheld ikkje opplysningar om personar utan fast bustad.

Dei gir heller ikkje opplysningar som kan røpe eit klientforhold, til dømes om personar som bur på sjukehus eller er fengsla. Avlidne personar er òg tatt ut av søkjet.

2006 og 2007

Du kan òg søkje i skattelistene for 2006. Men fordi Skatteetaten ikkje gir ut fødselsnummer, kan vi ikkje vere sikre på at to personar med same navn og fødeår verkeleg er det same individet. Vi har difor ikkje kobla tala saman. For å få 2006-tala må du difor gjere søket ditt ein gong til. I søkjeboksen finn du ein fane som viser veg til 2006-listene.