Normal

Krisa har gjeve nordmenn betre økonomi

Eit gjennomsnittleg hushald har 4.300 kroner meir å rutte med kvar månad no enn før finanskrisa.

Penger
Foto: NRK

Finanskrisa har gjeve folk flest mykje betre økonomi. Den viktigaste årsaka er dei store rentekutta.

Les også: - Burde heve renten, men gjør det ikke

- Med store huslån så merkar ein det godt. For min del snakkar vi om nokre tusen i månaden, seier Ruth-Kirsti Fremstad frå Sigdal.

Gjennom sju kutt, har renta gått ned med til saman 4,5 prosentpoeng i løpet av det siste året.

Ikkje noko lønsoppgjer for vanlege folk kan konkurrere med det.

Pengane går i banken

Men sjølv om folk vil ha ny bil, pusse opp huset og reise meir, så vert størsteparten av dei sparte kronene vorte ståande på konto eller brukt til å nedbetale lån.

- Eg ser at å nedbetale litt ekstra på lånet er ei fornuftig prioritering, seier Fremstad.

Det meiner professor og renteekspert Hilde Bjørnland ved Handelshøyskolen BI er ei smart prioritering.

- Hushalda har ei gjeldsbelasting som er ganske tung. Ein toler ikkje same rentesvingingane som ein gjorde for ti år sidan, fordi ein har eksponert seg såpass mykje ved å ta stor grad av lån. Når det gjeld lånetyngd, ligg norske hushald blant fleire europeiske land, seier Bjørnland.

- Vi gløymer kriser

Det kan kome dårlege tider også med eit høgt rentenivå, og ingen veit kor tid neste krise kjem.

- Vi har den eigenskapa at dersom det går bra no, så trur vi at det skal halde fram å gå bra. Vi gløyme kriser og økonomiske nedgangsperiodar, seier Bjørnland.

- Korleis vi tilpassar oss tilhøva no etter krisa vil vere utslagsgjevande for kva som kjem til å skje framover.

- Likar tryggleik

Ifølgje analysemiljøa har norske hushald i snitt 80 000 kroner på konto. Men sjølv om dei førebels held på pengane, vil dei gjerne bruke dei på oppussing, bil- og ikkje minst reiser.

Ruth Kirsti Fremstad frå Sigdal kjenner seg att i desse skildringane

- Eg liker å ha tryggleik i økonomien, og det å kunne ha ein liten buffer kjennes trygt, syns eg.

I haust har ho likevel teke seg ein ekstra ferietur.

- Eg tok ein tur til Hellas med kjærasten førre veke. Det var fint det. Eg har aldri vore på Hellas-ferie i september før.