Dei to reagerer kraftig på at statssekretær Roger Schjerva (SV) i Finansdepartementet framstiller Noreg som Island sin beste ven i saka, skriv Nationen.
– Dei burde be om unnskyldning, seier Lundteigen til avisa.
- YTRING: «Norske myndigheter hjalp ikke Island da de trengte hjelpen som mest», skriv økonomi-kommentator i NRK Steinar Mediaas.
Treng ikkje erstatta milliard-tap
Førre veke slo EFTA-domstolen fast at Island ikkje er pliktig å betale rundt 30 milliardar i innskot som forsvann då den islandske banken Icesave gjekk konkurs i 2008.
– Det Finansdepartementet kjem med her, er for å seie det forsiktig, ei frimodig tolking av eiga historiske rolle, seier Høybråten.
– Det er ei skildring av historia som har store, store svakheiter, seier Lundteigen.
Begge meiner at Noreg slett ikkje stilte godt nok opp for Island i den første kritiske tida etter kollapsen i 2008.
– Noreg har vore ein viktig venn, men i den første kritiske tida valde vi å opptre multilateralt og saman med resten av Norden, IMF (Det internasjonale pengefondet) og EU, mot Island. Vi burde gjort som Færøyane og Polen og gått inn bilateralt for å støtte Island, seier Lundteigen.