Hopp til innhold

Stoltenberg heldt krisemøte

Statsminister Jens Stoltenberg kalla i dag inn til hastemøte om den urolege situasjonen i finansmarknaden.

Jens Stoltenberg
Foto: Rick GERSHON / AFP

Svein Gjedrem

Svein Gjedrem deltok på krisemøtet.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX
Kristin Halvorsen

Kristin Halvorsen deltok på krisemøtet.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX
Kredittilsynets direktør Bjørn Skogstad Aamo

Bjørn Skogstad Aamo deltok på krisemøtet.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Ved sidan av statsminister Jens Stoltenberg, finansminister Kristin Halvorsen og samferdsleminister Liv Signe Navarsete, deltok sentralbanksjef Svein Gjedrem og direktør i Kredittilsynet, Bjørn Skogstad Aamo.

Aldri skjedd før

Professor i statsvitskap, Trond Nordby fortel at eit slikt møte aldri tidlegare har funne stad i Noreg, og trekkjer parallellar til situasjonen etter Den andre verskrigen.

- Det minner om samlingsregjeringa etter krigen. Her har vi ein krisesituasjon der ein ser bort i frå alt som skil både institusjonelt og politisk, og trekker alle inn i same møterom, seier han.

Pressar sentralbanksjefen

Ved sidan av orienteringa frå regjeringa og kredittmyndigheitene utveksla deltakarane informasjon om finansuroa.

Nordby meiner samansetjinga på møtet utsett sentralbanksjefen for høgt press.

- Det er unormalt at dei legg et så stort press på sentralbanksjefen, seier han.

Avviser at det er krise

Stoltenberg avviser at det er krise i norsk fiananssektor, og legg vekt på kor viktig det er å samarbeide med opposisjonen og Stortinget.

- Vi er einige om å samarbeide fordi vi trur vi er tent med å ha nær kontakt med kvarandre, seier han.

Venstre-leiar Lars Sponheim gjekk i går kraftig ut mot Kristin Halvorsen, fordi han meiner ho ikkje tek finanskrisa på alvor.

Les: - Hun minner om «Komiske Ali»

Varslar rentekutt

Stoltenberg garanterer at alle innskota til norske bankkundar er trygge. Han går langt i å seie at Noregs Bank vil setje ned renta neste veke.

- Vi har i dag sett at Banksikringsfondet ikkje berre støttar norske bankar, men også ein filial av den islandske banken Kaupthing. Dette er eit eksempel på at vi kan ta hand om ein vanskeleg situasjon med midlar som er utvikla etter at Noreg var ramma av bankkrise nokre år tilbake, seier Stoltenberg.

Finanskrisa rammar Island svært hardt, og dette får konsekvensar også for Noreg.

Les: Island stenger børsen

Les: Islandsk bank får norsk støtte

Les: Staten tar kontroll over Kaupthing