Hopp til innhold

Gir 320 millionar i straumstøtte

Ei rekordhøg straumrekning er på veg, og regjeringa vil gi 320 millionar kroner i ekstra bustønad for at folk skal kunne betale for seg.

Sp-leder Liv Signe Navarsete

Regjeringa vil hjelpe folk som ikkje kan betale straumrekninga.

Foto: Andersen, Aleksander / SCANPIX

Snøfall

Kulde og snø kan vere moro, men no kjem rekninga.

– Som dei fleste veit, har det vore ein kald vinter til no i år. For å hjelpe dei som slit med å betale rekninga, har regjeringa bestemt at vi vil føreslå ei ekstrautbetaling til alle som får bustønad, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp) til NRK.

I dag kom meldinga frå NVE om at kvar husstand kan vente seg ei ekstrarekning på 2000 kroner, målt mot i fjor.

Dei fleste kan klare å ta unna ei slik rekning, men dei som har det vanskeleg får no hjelp.

2500 kr per husstand

Kvar husstand som allereie er under bustønadsordningen, får 2500 kroner, og i tillegg 100 kroner per ekstra husstandsmedlem. Tilsaman utgjer forslaget eit tillegg på 318,5 millionar kroner.

Navarsete fortel at ho vil leggje fram forslaget for Stortinget i neste veke, og at ho håpar dei vil behandle saka raskt, slik at pengane kan kome til nytte om kort tid.

– Forslaget kjem no fordi det har vore ein kald vinter. November var ekstraordinert kald, og desember var ikkje så mykje mildare. Vi veit at mange vil få ei straumrekning som kan vere vanskeleg å handtere, seier Navarsete.

Video Rekordhøy strømregning januar 2011

No kjem rekninga for straumforbruket under kuldeperioden før jul.

– Velkommen etter

Stortingspolitikar for Framstegspartiet, Ketil Solvik Olsen, meiner det er latterleg at dette forslaget kjem no, når det allereie låg på bordet frå opposisjonen i haust.

Ketil Solvik-Olsen

Regjeringa vil hjelpe. Velkommen etter, seier Frp-politkar Ketil Solvik Olsen.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

– Då opposisjonen føreslo dette i Stortinget 25. november, så stemte regjeringspartia imot dette. Det er godt at dei kjem etter, men dette vitnar om at dei ikkje har vore godt førebudde på situasjonen, seier han til NRK.

Han meiner opposisjonen har vore flinkare til å analysere både situasjonen i marknaden, og dei politiske manglane i energipolitikken.

– Det får han meine kva han vil om. Vi har hatt ei ansvarleg handtering av situasjonen slik som han er i dag. Det er eikvar sitjande regjering sitt ansvar å føre ein ansvarleg politikk og å setje inn tiltak når vi ser at det er behov for det. Vi ser at det er behov for det no, og derfor set vi inn tiltak, seier Navarsete.

Thor Erik Grammeltvedt, NVE

Dei fleste straumkundane i Noreg kan vente seg ei rekning som er 2000 kroner høgare enn for eitt år sidan, seier seksjonsjef i NVE Thor Erik Grammeltvedt.

Foto: NVE
Rekordhøg rekning

Den første straumrekninga i 2011 blir høgare enn nokon gong. Dei aller fleste kan vente seg å måtte ut med fleire tusenlappar ekstra, melder Noregs vassdrags- og energidirektorat i dag.

– Rekninga blir om lag 2000 kroner dyrare for dei aller fleste kundane i Noreg, seier seksjonssjef i NVE, Thor Erik Grammeltvedt.

Summen på 2000 kroner er rekna ut med bakgrunn i statistikk som viser at norske straumkundar i snitt brukar 20.000 kilowattimar kvart år. Denne summen inkluderer nettleige og alle avgifter.

Prisauken frå i fjor er på 30 prosent.

– Dette er nok av dei høgaste straumrekningane vi har sett, seier Grammeltvedt.

Dystre utsikter

Det er sprengkulden før nyttår som, saman med høge straumprisar, får skulda for den rekordhøge straumrekninga.

Grammeltvedt trur ikkje at det blir spesielt mykje betre neste gong det er på tide å betale for straumbruken.

– Om vi skal sjå litt inn i krystallkula om dette, så er det vel omtrent det samme vi kan vente oss då, seier han.

– Dårleg gjort

Dermed er det berre å vente på fleire høge straumrekningar, spesielt om kulden held seg over landet.

Kundar som NRK har snakka med, er lite nøgde med ekstrautgiftene.

– Oj, det var ikkje hyggeleg i heile teke, seier Liz Faset.

Ein annan meiner rekninga kjem på ei spesielt dårleg tid.

– Dette med at dei set opp prisen på struam når vi verkeleg treng han, meiner eg er dårleg gjort, for å bruke eit mildt uttrykk, seier Halfdan Kierulf.

– Det er ikkje noko å gjere med. Ein må jo ha straum, så då er det vel berre å betale, seier Farset.

– Det er berre å grave djupare i lommeboka det. Det er ikkje noko anna å gjere, seier straumkunde Chris Høyer.