Hopp til innhold

Fryktar det snart er slutt for Saab

To advokatar som skulle prøve å berge Saab frå konkurs har trekt seg i løpet av det siste døgnet. Ein kjend forretningsadvokat fryktar at løpet er køyrt for Saab Automobile.

SAAB

Det ser stygt ut for Saab Automobile.

Foto: Bjørn Larsson Rosvall / SCANPIX

Mannen som tidlegare i dag hadde fått oppdraget med å berge Saab frå konkurs, Lars-Henrik Andersson, trekte seg frå oppgåva berre timar etter at han var oppnemnd. Han rakk ikkje ein gong å starte i jobben.

Tredje på kort tid

Først var det Guy Lofalk som var utsett til å berge Saab Automobile, men i går gjorde han det klart at han trekkjer seg. Så vart Andersson utnemnd, men han trekte seg etter kort tid.

I ettermiddag vart det klart at Saab har foreslått advokat Lars Söderqvist i Hökerberg och Söderqvist advokatbyrå i Stockholm til å overta oppgåva, melder SVT.se .

Söderqvist seier til Dagens Industri at han har sett seg delvis inn i situasjonen for Saab, og at han har konkluderte med at det er mogleg å berge selskapet.

LES OGSÅ: Klart for kinesisk overtakelse av Saab

– Ikkje lenger aktuell

GT melder at Andersson ringde Vänersborg tingrett midt på dagen i dag for å seie at han ikkje lenger er aktuell for jobben.

– Han gav meg ikkje nokon grunn, og eg spurde ikkje heller, seier Stefan Nillson, rådmann ved Vänersborg tingrett, som snakka med Andersson i telefonen.

Tingretten sende ein e-post til Saab og gav selskapet ein frist til i ettermiddag med å skaffe ein ny rekonstruktør.

Forretningsjuristen Peter Smedman, som har lang erfaring med konkurssaker, hadde overfor GT (Göteborgstidningen) denne reaksjonen på meldinga om at Andersson har trekt seg:

– Å, herregud. Då er det nok køyrt.

– Vanskeleg å unngå konkurs

Til Tidningsrnas Telegrambyrå TT seier Smedman dette:

– Han har truleg danna seg eit bilete av situasjonen Saab er i, og konstatert at det ikkje er mogleg å gjere ein god jobb.

Han trur det no blir svært vanskeleg for Saab å unngå konkurs. På direkte spørsmål om han trur at det er ein advokat i Sverige som kan tenkje seg å ta på seg oppgåva med å prøve å berge Saab frå konkurs, svarar han dette:

– Det vil krevje mykje mot. Etter mi meinings er dette nesten «mission impossible».

LES OGSÅ: Vil investere milliarder i Saab

LES OGSÅ: