Hopp til innhold

- Ei menneskeskapt katastrofe

Utanriksminister Jonas Gahr Støre meiner Island gjer smart i å ta ein fullstendig oppvask etter finanskrisa.

Jonas Gahr Støre på Island
Foto: Øyvind Andre Haram / NRK

Seint søndag kveld landa utanriksminister Jonas Gahr Støre i Reykjavik. Møtet med sin kollega Ingibjörg Gisladóttir har vore planlagd i fleire månader, men finanskrisa gjer og at Støre møter Island sin statsminister Geir Haarde.

- Det er viktige å besøkje kvarandre ofte, likevel vårt møte har sjølvsagt fått større aktualitet. Vi hadde viktige møter i Helsingfors for ei veke sidan, eg går sjølvsagt vidare frå det møte.

Vil bli oppdatert

Under besøket måndag vil Støre både besøke Island sitt universitet for å gjeve ei førelesning, samtidig som han møter sitt islandske systerparti ”Samfylkingen”. Finanskrisa vil vere tema båe stader.

- Eg ønskjer meir kunnskap om kor langt Island er kome i ein støttepakke for å stabilisere sin valuta. Den skal i utangspunktet i eit IMF lån. Vi er med på dette, og difor er det viktig for oss og våre skattebetalarar å vite korleis Island legg opp dette arbeidet.

Oppvask

Den siste veka har protestane berre auka i Nord-Atlanteren. Talet på arbeidsledige aukar og styringsrenta er no 18 prosent. For mange er bustadlåna over 25 prosent. Krisa gjer sitt til at folk er svært kritiske til statsminister Geir Haarde og sjølvstendepartiet. Jonas Gahr Støre vil ikkje blande seg inn i interne forhold på Island, men trur det er vil vere smart å ta det han kallar ein oppvask.

- Dette er ikkje ei naturkatastrofe men ei menneskeskapt katastrofe. Eg trur Island må ta oppgjeret i etterkant, når støvet har lagt seg. Vi har sett ei utvikling eller ei turbokapitalismen drevje på underskot og på store lån. Island vart råka ekstra av dette. Ein må spole tilbake her, kva har skjedd, kven har tatt ansvar. Eg trur verda har lærd at ein slik kapitalisme ikkje går.

LES: Island ber om flere milliarder
LES: - 85 prosent av BNP kan bli borte
LES: Kraftig rentehopp på Island