Hopp til innhold

Snart startar vaksineringa

I oktober skal vaksineringa mot H1N1-viruset vere i gong over heile landet. Men truleg skal ikkje alle vaksinerast.

Mikrobiologisk laboratorium ved Ullevål Sykehus i Oslo får inn prøver og tester etter virus A (H1N1)
Foto: Roald, Berit / SCANPIX

H1N1-viruset, kjent som svineinfluensa, har i haust fått sine første offer i Noreg.

Massevaksinering mot viruset har lenge vore omdiskutert, grunna lite kunnskapar om biverknadar, og usemje om sjukdomens alvorsgrad.

Men no er det klart at vaksinen Pandemrix truleg vil gå ut til norske kommunelegar og vere klar til bruk i starten eller midten av oktober, så snart vaksinen har blitt EU-godkjent.

- Prioriterer gravide og risikogrupper

Max Jens Holm

Max Jens Holm, smittevernoverlege i Stavanger.

Foto: Mari Rollag Evensen / NRK

Smittevernoverlege i Stavanger kommune, Max Jens Holm, fortel til NRK at foreløpige instruksar går ut på at berre enkelte grupper skal verte vaksinerte.

- Først vil gravide og folk i risikogruppene for viruset få vaksinen. Dette gjeld mellom anna kronisk hjarte- og lungesjuke, astmatikarar og diabetikarar, samt dei som grunna fedme eller nevrologiske sjukdomar står i fare for å få pustevanskar, sidan dette er komplikasjonen ved H1N1-viruset.

  • Sjå risikogruppene for komplikasjonar ved H1N1-smitte her .

Deretter ventar helsepersonell som har vore i direkte kontakt med dei som har viruset, og alle friske over 65 år, sidan desse har større risiko for å bli sjuke når dei har fått viruset.

Folkehelseinstituttet vil ikkje bekrefte

Holm fortel at slik det no ser ut, vil det ikkje verte anbefalt at heile befolkinga skal vaksinerast, grunna at risikoen for komplikasjonar utanfor risikogruppene er relativt lav, men at dei som ønskjer det kan bli vaksinerte.

Therese Øgaard, seniorrådgjevar i Folkehelseinstituttet, seier at dette ikkje er avklart enno.

- Anbefalingane for kven som skal få vaksinen, og korleis det skal skje, er ikkje klare enno. Arbeidet er i sluttføringsfasen, og vår anbefaling til Helsedepartementet vil liggje klar innan kort tid.

Øgaard vil ikkje bekrefte eller avkrefte opplysingane frå smittevernoverlegen, og presiserer at retningslinjene for vaksinering framleis er under arbeid.

- Vil bli trongt om alle skal ha

Vaksineringa vil i følgje Holm foregå hos fastlegar og på helsestasjonar med utvida opningstid.

Trass i kort tid til vaksineringsstart, og ikkje avklarte retningslinjer frå Folkehelseinstituttet enno, trur Holm at det omfattande vaksineringsarbeidet skal gå bra.

- Slik det ligg an, vil fastlege og helsestasjonar klare å handtere vaksineringa. Men blir det snakk om at alle skal vaksinerast, blir det trongt om plassen.

Èin dose kan vere nok

Helsedirektoratet har bestilt inn 9,4 millionar vaksinedoser, nok til å vaksinere kvar nordmann to gongar.

Men administrerande direktør for vaksineprodusenten Glaxo SmithKline, Åge Nærdal, seier til Dagens Medisin at dei første kliniske testane med vaksinen kan tyde på at èin dose kan vere tilstrekkjeleg.

Folkehelseinstituttet ønskjer ikkje å uttale seg om dette i dag.

Men Rebecca Cox, dagleg leiar ved Influensasenteret ved Universitetet i Bergen, som skal vere tidleg ute med eit prøveprosjekt med vaksinering av tilsette for å mellom anna kartleggje biverknadar, seier til BT at eit overskot av vaksinedoser uansett vil kunne donerast til andre land, sidan etterspørselen vil verte stor.

- Dumt å unngå vaksinen

Smittevernoverlege Holm i Stavanger fortel at kommunehelsetenesta i Stavanger ikkje vil gå ut med informasjon til alle husstandar om vaksineringa, fordi ein stolar på at media, informasjon på nettsider og jungeltelegrafen vil vere tilstrekkjeleg til at alle får det med seg.

Korleis dette vil foregå på landsbasis ønskjer ikkje Folkehelseinstituttet å svare på foreløpig.

Holm er kjent med at mange er skeptiske til vaksinen, men håper dei som blir anbefalt å vaksinere seg vil gjere dette.

- Vi vil anbefale dette på det sterkaste. Dess fleire som blir vaksinert, dess meir kan ein bremse sjukdomen, så det er dumt om folk vel å ikkje vaksinere seg.

TV og radio

Tuva oppdager at smågodtposen koster tolv kroner mer på én vekt enn på en annen – og nekter å la det passere. Så hun tar med seg Justervesenet for å finne ut hva som egentlig foregår. Der møter hun Gudbrand, en HELT som viser hvordan vektene kontrolleres. Han avslører en hemmelig knapp som kan endre prisen!
Kikertvannet er en vegansk eggehvite som kan brukes i desserter

Sjekk hva du kan lage istedenfor

Datingappene selger deg drømmen om kjærlighet. Men de tjener penger på at forblir singel og ensom.