Hopp til innhold
Info fra NRK

Frå Afrika til Israel: – Krevjande dekning

Vanlegvis skal Vegard Tjørhom følgje med på over 40 land i Afrika. Med storkonflikt mellom Israel og Palestina har dekningsområdet blitt endå større.

Vegard Tjørhom frå Tel Aviv i Israel.

KORRESPONDENT: Til vanleg er Vegard Tjørhom korrespondent i Afrika, men har no mest fokus på konflikten mellom Israel og Palestina.

Foto: NRK

– Eg følte meg på bortebane, sidan det er Afrika eg kan, og eg kjenner det er krevjande å jobbe med ein konflikt der meiningane og kjenslene er mange. Både blant dei ein møter i Israel, men også blant dei som ser, lyttar til eller les NRK sine nyheiter, seier Vegard Tjørhom.

Til fagbladet Journalisten seier han at folk nærast følgjer med på kvart einaste ord som blir skrive om og frå konflikten.

Vil vise breidda av historier

I november 2022 starta han i drøymejobben sin, som korrespondent i Afrika for NRK. Her dekkjer han over 40 land åleine. Men etter at krigen mellom Hamas og Israel braut ut i oktober, vart han etter kvart send dit for å avlaste kollegaene Yama Wolasmal og Åse Marit Befring.

– Dette er ein del av den rulleringa vi må ha med våre team ute i felt. Det er så stor arbeidsbelastning at vi må rullere på folka, seier NRK sin utanriksredaktør Sigurd Falkenberg Mikkelsen til Medier24.

Det er umogleg å reise inn i sjølve Gaza, men NRK har i heile krigsperioden hatt tett kontakt med lokale kjelder og folk. I tillegg har NRK sine eigne reporterar vore i Israel og i grenseområda. I ti dagar kunne publikum følgje utviklinga gjennom Tjørhom sine auge og øyrer.

– Det var ein slags mellomfase, der dei største nyhenda og historiene var fortalde. Eg forsøkte å halde koken ved å lage historier som prøver å vise fram meir djupne og mangfald.

Beredskapssenter-Kairo

I Kairo er norske styresmakter klare til å ta i mot dei norske borgarane som er i Gaza. Vegard Tjørhom dekkjer utviklinga for NRK.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Viktig lærdom

Som korrespondent hadde han allereie tryggingskurs, noko som krevst for å kunne reise inn i ei krigssone. Etter ti dagar gjekk turen tilbake til Afrika. Tjørhom har valt å busette seg Nairobi i Kenya, men han måtte raskt nord på kontinentet for å halde fram med dekkinga av konflikten mellom Israel og Palestina.

Kring 250 nordmenn er i Gaza og ventar på å kome ut av området. Dei blir evakuerte til Egypt, dit også Tjørhom er sendt for å dekkje utviklinga.

– Dette er ei god erfaring å ta med seg vidare. I Egypt prøver eg også å følgje med på afrikanske nyhende. Og så gler eg meg til å få fart på Afrika-dekninga igjen.

Vegard Tjørhom var nynorskpraktikant ved NRK Nynorsk mediesenter på kull 18 i 2013.