Hopp til innhold
Info frå NRK

– Det har ikkje gått heilt opp for meg enno

Guro Brattespe Lahus har fått fast jobb i riksavdelinga til NRK Vest.

NRK-reporter Guro Brattespe Lahus på jobb i radiostudio

PÅ JOBB: Guro Brattespe Lahus skal halde fram som programleiar i Opptur på NRK P1. Ho har fått fast jobb i NRK Vest i Bergen.

Foto: NRK

– Det er utruleg kjekt, seier Guro Brattespe Lahus.

30-åringen har vore tilknytt NRK Vest i ulike stillingar, og dette er no gjort om til ei fast stilling.

For berre nokre år sidan var Guro Brattespe Lahus praktikant ved NRK Nynorsk mediesenter. Då ho flytta til Bergen for å studere vidare, vart ho tilkallingsvikar i radioprogrammet «Opptur». Den siste tida har ho jobba som deltakaransvarleg for den andre sesongen av «Bakemesterskapet», og med oppgåver og nett for «Klassequizen» i NRK sentralt.

– Guro er ein allsidig journalist som vi gler oss til å ha med oss inn i dei neste prosjekta vi skal produsere, seier redaksjonssjef Eva Cathrine Berget.

Eg er ekstremt audmjuk og takksam for å få jobbe vidare i ein redaksjon med så flinke folk. Det har ikkje gått heilt opp for meg enno, seier Brattespe Lahus.

Heilt ærleg trudde eg det kom til å ta mykje lengre tid før eg kunne få noko fast. Om eg i heile tatt kom til å få det. Det er ein tøff bransje og utruleg mange flinke folk som kjempar om dei faste jobbane. Det siste året har eg sagt ja til å jobbe med ulike prosjekt som har dukka opp. Det trur eg har lønt seg, seier telemarkingen.

Ho hadde inga journalistisk utdanning eller erfaring då ho byrja på NRK Nynorsk mediesenter i Førde. Læringskurven var bratt.

– Det var ekstremt moro. Opplæringa er intensiv, grundig og gull verdt. Eg hadde ikkje fått fast jobb i denne bransjen utan Nynorsk mediesenter, seier Brattespe Lahus.

Og: No treng ho ikkje uroe seg for kva ho skal gjere til hausten. Ho gler seg til å få halde fram i NRK.

Det blir spennande. Ein har høve til å jobbe med så mykje forskjellig i NRK, og det er stadig noko nytt. Det likar eg godt.

Ho har følgande råd til praktikantar som ønsker å jobbe seg inn i NRK:

– Sei ja! Bruk tida som praktikant til å prøve alt! Du har eit utruleg godt støtteapparat på mediesenteret, noko det skal godt gjerast å få andre stader.